Hopp til innhald

Fagstoff

Nettsider som samansett tekst

Som andre samansette tekstar har nettsider ein avsendar, ei målgruppe og eit formål. I ein retorisk analyse skal du sjå på alle elementa på nettsida som avsendaren bruker for å påverke mottakaren og nå målet sitt.
Designet av ei nettside på ein datamaskin i vinkla perspektiv. Grafisk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nettstader som samansette tekstar

Dei fleste nettstader er samansette tekstar som kan bestå av verbaltekst, bilete, film og lyd. Du kan òg finne andre teksttypar, som spel, quizar, tabellar og så vidare. Det som skil ein nettstad frå mange andre samansette tekstar, er at du kan navigere deg i ein struktur ved hjelp av lenkjer. Somme lenkjer tek deg ut av nettstaden og til andre nettstader. Strukturen, med både dei interne og dei eksterne lenkjene, er ein del av teksten.

Når du analyserer ein nettstad, går du i djupna for å forstå korleis innhald, struktur, design og navigasjon fungerer saman. Alle i samspel påverkar korleis vi oppfattar nettstaden.

I ein retorisk analyse av ein nettstad skal du først beskrive konteksten i teksten, men kva betyr det?

Set teksten i kontekst

I ein analyse skal du først presentere teksten: namn, url-adresse og kven som står bak innhaldet. Prøv òg å definere målgruppa, og kva formålet til nettstaden er. Denne informasjonen set teksten i ein kontekst og er til hjelp når du skal vurdere heile nettstaden til slutt i analysen:

Kven produserer og står bak innhaldet?

  • Innhaldet kan vere produsert av privatpersonar, av offentlege institusjonar eller av bedrifter.
  • Innhaldet kan vere produsert av enkeltpersonar, eller av mange enkeltpersonar som dannar eit kollektiv (ein fellesskap). Mange nettstader har òg profesjonelle redaksjonar beståande av journalistar, fotografar, web-designarar og så vidare.

Kva er formålet med nettstaden?

Vi skil mellom kommersielle og ikkje-kommersielle nettstader.

  • Formålet med kommersielle nettstader er å marknadsføre eit produkt eller ei teneste som kunden betaler for. (Døme: Zalando.no)
  • Ikkje-kommersielle nettstader derimot, tek ikkje betalt for bruk av innhaldet. (Døme: NRK.no)
  • Mange nettstader tilbyr brukarane gratis tenester som blir finansierte gjennom reklame på nettsidene. Denne typen nettstader kan vi kalle delvis kommersielle. (Døme: Fotballfrue.no)
  • Nokre nettstader skal først og fremst formidle informasjon, som til dømes ulike slags leksikon og nettstader drivne av offentlege institusjonar. (Døme: Snl.no)
  • Somme nettstader dekkjer framfor alt sosiale behov hos brukarane. (Døme: Instagram.com)
  • Portalar og søkjemotarer samlar innhald frå ei rekkje andre nettstader med ulike eigenskapar og formål. (Døme: Google.com)

Kven er målgruppa?

Nokre nettstader har klart avgrensa og nokså snevre målgrupper, medan andre vender seg til store brukargrupper.

Analyser teksten

Etter å ha presentert nettstaden og sett han i kontekst, skal du gå tettare inn på dei ulike elementa. I denne analysedelen er det viktig å bruke døme frå teksten når du skriv:

Beskriv og analyser innhald, design, struktur

Korleis er dei ulike delane utforma? Beskriv verkemiddel, og korleis dei påverkar mottakarane:

  • Innhald: bilde, tekst, video, lyd og så vidare
  • Design: fargar, fontar, bruk av symbol, layout og så vidare
  • Struktur: overordna organisering av innhaldet
  • Navigasjon: Korleis du bruker og bevegar deg gjennom nettstaden.

Etos, patos og logos

Verkemidla som du finn i designet av nettstaden, er brukte for å kommunisere ein bodskap og påverke mottakarane:

  • Korleis byggjer nettstaden opp truverdet sitt (etos)?
  • Kva delar av nettstaden appellerer til fornufta (logos)?
  • Kva delar av nettstaden appellerer til kjenslene (patos)?
  • Kva appellform dominerer?

Heilskapsvurdering

Korleis klarer nettstaden å kommunisere med målgruppa si? Er innhald, design, struktur og navigasjon utforma slik at nettsida er vellykka?

Repeter fagstoff:

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jon Hoem, Marthe Johanne Moe og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 22.05.2020

Læringsressursar

Retorisk analyse