Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er open og skjult argumentasjon?

Å argumentere betyr å støtte opp under eller grunngi eit synspunkt. Korleis kan vi undersøkje ulike typar argumentasjon med eit kritisk blikk?
Plakatar med parolar for klimaet sett opp framom Stortinget under skulestreik for klimaet, 22. mars 2019. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forskjellen mellom open og skjult argumentasjon handlar om påverknad. Viss argumentasjonen i framstillinga av eit standpunkt er open, vil det seie at argumenta er lette å oppdage. Då er det lettare å sjekke om dei stemmer og å ta stilling til dei. Skjult argumentasjon kan påverke oss utan at vi ein gong er klar over det.

Eit døme

Eit spørsmål som blir diskutert, er om vindkraft er ei grøn energikjelde. Eitt argument for vindkraft er at det er ei av energikjeldene som har minst negative konsekvensar, på linje med vasskraft.

Dette er eit døme på open eller direkte argumentasjon. Standpunktet (for vindkraft) blir grunngitt med ein faktapåstand du kan undersøkje (har like få negative konsekvensar som vasskraft), særleg viss dei som seier det, oppgir kjeldene sine.

I eit debattinnlegg i Nationen beskriv forfattaren vindkraft-motstandarar slik:

I likhet med Miguel de Cervantes sin karakter, Don Quijote, forveksler også aksjonsgruppene vindmøllene med onde kjemper.

Denne samanlikninga er eit døme på skjult eller indirekte argumentasjon. Argumentasjonen speler på kjensler, og påverkar oss utan at vi er heilt klare over det. Don Quijote er ein romankarakter som er både galen, latterleg og tragisk, og samanlikninga gjer at desse eigenskapane "smittar over" på inntrykket vi får av vindkraft-motstandarane. Dette er ein måte å svekkje truverdet til meiningsmotstandarane på som kan vere vanskeleg å oppdage.

Open eller direkte argumentasjon

Den delen av argumentasjonen som er faktabasert og kan etterprøvast, kallar vi ofte for open eller direkte argumentasjon. I tekstar som skal informere om eit tema, er denne typen argumentasjon den klart viktigaste, fordi vi her stiller strenge krav til at argumenta er saklege og etterprøvbare. Ei slik argumentasjonsform er det same som det vi kallar logos-appell i retorikken.

Skjult eller indirekte argumentasjon

Argumentasjon som hovudsakleg appellerer til kjenslene, kallar vi gjerne for skjult eller indirekte argumentasjon. Dette er det same som nemninga patos-appell frå retorikken. I tillegg kan etos-omgrepet òg beskrive skjult argumentasjon, når argumentasjonen går ut på å presentere seg som truverdig og velvillig.

Som mottakarar er vi ikkje alltid klare over ein slik indirekte påverknad, og det er lett å la seg rive med når det er sterke kjensler som blir sette i sving. Derfor kan skjult eller indirekte argumentasjon vere vanskelegare å møte med eit kritisk blikk enn argumentasjon som er direkte.

Når vi undersøkjer den indirekte eller skjulte argumentasjonen i ein tekst, ser vi etter:

  • kva haldningar og kjensler forfattaren speler på
  • kva for nokre språklege verkemiddel forfattaren bruker for å påverke lesaren
  • kva forfattaren gjer for å verke med truverd og autoritet
Utøya sett frå lufta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokre former for skjult eller indirekte argumentasjon:

  • Positivt eller negativt ladde ord
    Kva ord som blir valde til å beskrive eit saksområde, er ofte ikkje tilfeldig, og sterkt negativt eller positivt ladde ord kan vekkje sterke kjensler og påverke korleis vi ser på ei sak. I debatten om flyktningar kan ord som "lykkejeger", "migrasjonsbølgje" og "økonomiske migrantar" vekkje sterke negative kjensler. På den andre sida kan ord som "medmenneske" og "menneske på flukt frå krig" vekkje kjensler som samhug og solidaritet.

  • Retoriske spørsmål
    Dette er spørsmål som blir stilt for at mottakaren skal kome til ein gitt konklusjon. Dette er altså eit spørsmål som ikkje har som mål å innhente informasjon, men som er meint som eit retorisk grep. Eit døme på dette ser vi i den omstridde kronikken Drøm frå Disneyland av Christian Tybring-Gjedde og Kent Andersen: "Hva var galt med norsk kultur, siden dere er fast bestemt på å erstatte den med noe dere kaller flerkultur?" Spørsmålet var stilt til Arbeidarpartiet, og var nok ikkje ein førespurnad om faktainformasjon frå AP, men er lett å lese som ei skulding om at dei har erstatta norsk kultur med fleirkultur.

  • Ikkje-nøytral framstilling av argumenta til motstandaren
    Dette handlar om kva ord du bruker for å attgi argumenta til motparten på. Det er stor forskjell på å seie at nokon påstår og at nokon meiner. Ordet påstår skaper tvil om kvar haldbart det som blir sagt er, medan meiner er meir nøytralt.

  • Direkte tiltale
    Ein måte å påverke oss på, er å bruke pronomenet "du", "de" eller "vi" på ein måte som gjer at vi føler at bodskapen gjeld oss på ein personleg og direkte måte, og at avsendaren bryr seg om akkurat deg. Vi kan seie at sendar prøver å skape ei kjensle av intimitet eller fellesskap som gjer at mottakar føler seg forplikta til å stå saman med avsendaren i standpunktet. Eit døme er lesarinnlegget i Dagsavisen, der avsendar vender seg med eit "du" direkte til dåverande minister Sylvi Listhaug, samtidig som ho prøver å inkludere Listhaug i eit "vi" som skal skape eit trygt samfunn:

Hvilke signaler sender du som minister når den slags ytringer får plass på dine sosiale medier. Vil ikke dette fremme og legemliggjøre mer segregering og stempling av innvandrere? Om vi skal kunne bevare norske verdier og gi kommende generasjoner et godt og trygt samfunn å vokse opp i, er vi nødt til å akseptere og fremme det mangfoldige Norge.

Den indirekte argumentasjonen krev eit kritisk blikk og ei forståing for språkbruk og kommunikasjon. Når du er klar over at å kommunisere ikkje berre handlar om å overføre informasjon, er det eit godt utgangspunkt for å forstå at ord kan påverke oss på mange måtar.

Videoen under frå Den norske kyrkja vart laga for å påverke debatten om flyktningar i ei meir positiv retning – korleis tolkar du valet av ord her?

Den norske kyrkja på YouTube: En film om flyktninger og menneskeverd

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2021

Læringsressursar

Retorisk analyse