Hopp til innhald

Fagstoff

Open og skjult argumentasjon

Når vi argumenterer, bruker vi både open og skjult argumentasjon. Sagt med omgrep frå retorikken: Vi bruker både logos-, etos- og patosappell.

Appell til hovudet – og til hjartet

Den delen av argumentasjonen som er faktabasert, og som vi kan etterprøve, kallar vi ofte for open eller direkte argumentasjon. I vitskaplege tekstar er denne typen argumentasjon den klart viktigaste fordi vi her stiller strenge krav til saklegheit og etterprøvbarheit.

Verdispørsmål

Nærbilde av rotte som har festa måleutstyr på hovudet sitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Men dei fleste spørsmåla vi diskuterer, handlar ikkje berre om sak. Spørsmålet om vitskaplege forsøk på dyr skal vere forbodne eller ikkje, er eit godt døme på dette. Det er eit spørsmål om verdiar og haldingar like mykje som eit spørsmål om fakta. Derfor må forfattaren appellere til både hovudet og hjartet hos lesaren. Dessutan må han sjølv framstå som truverdig og kompetent, slik at han blir lytta til.

Korleis oppdage skjult argumentasjon?

Argumentasjon som i all hovudsak appellerer til kjenslene, kallar vi gjerne skjult eller indirekte argumentasjon. Som lesarar er vi ikkje alltid medvitne om han. Derfor kan skjult argumentasjon vere vanskelegare å møte med eit kritisk blikk enn argumentasjon som er direkte. Når vi undersøkjer den indirekte argumentasjonen i ein tekst, ser vi på følgjande:

  • korleis argumenta appellerer til haldningar og kjensler hos mottakaren
  • kva for språklege verkemiddel forfattaren bruker for å påverke lesaren
  • kva forfattaren gjer for å framstå med autoritet og truverd

Sideblikk: Retorikk og argumentasjon

Allereie for over to tusen år sidan observerte dei gamle grekarane korleis ord, kroppsspråk og argumentasjon faktisk verka på tilhøyrarane. Dei sette kunnskapen i system og utvikla retorikken, læra om talekunsten. Det er ingen tvil om at grekarane var dyktige observatørar, for jamvel om mange nye medium har komme til i løpet av to tusen år, som bok, telefon, radio, film, tv, Internett og endå fleire, er det berre å slå fast at dei fleste reglane frå den gong framleis er gyldige.

Logos, etos og patos

Grekarane meinte at ein talar påverkar publikummet sitt på tre måtar. Desse tre appellformene kalla dei logos, etos og patos. Logos-appellen tilsvarer den opne argumentasjonen, han omfattar saksargumenta som talaren legg fram. Etos og patos er appellformene som verkar meir i det skjulte: Etos handlar om truverdet til talaren, mens patos-omgrepet blir brukt om kjenslene og haldningane som talaren vekkjer hos publikummet sitt. Litt forenkla kan vi seie at etos og patos til saman er det vi kallar skjult argumentasjon.

Relatert innhald

Oppgåve om ulike former for argumentasjon, med utgangspunkt i eit fotografi frå ein demonstrasjon og eit lesarinnlegg om sidemålet.

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2022

Læringsressursar

Retorisk analyse