Oppgåve
Open eller skjult argumentasjon?
Her skal du først vurdere argumentasjonen i eit lesarinnlegg mot sidemål, skrive av tre lærarar. Deretter skal du sjå på argumentasjonen i ein demonstrasjon for klima.
Jobb i par eller grupper. Start med å lese lesarinnlegget hos Riksmålsforbundet: Norsk sidemål som eget fag bør avskaffes!
- Her er det ikkje vanskeleg å formulere det som er standpunktet eller hovudsynet til avsendaren. Det blir nemleg formulert i tittelen på innlegget. Men klarer de å vurdere om argumenta avsendarane bruker er opne eller skjulte? Diskuter saman og dra argumenta til det de meiner er det riktige svaret.
- Samanlikn med andre elevar i klassen. Har de vurdert argumenta likt?
Hugs!
Den delen av argumentasjonen som er faktabasert og kan bli etterprøvd, kallar vi ofte for open eller direkte argumentasjon.
Argumentasjon som hovudsakleg appellerer til kjenslene, kallar vi gjerne for skjult eller indirekte argumentasjon. Forfattarane bruker kanskje språklege verkemiddel for å overtyde. Det kan vere verdiladde ord, direkte førespurnader, kontrastar osb...
I fotografiet ovanfor finn du argumentasjon i konsentrert form. Sjå nærare på følgjande:
- Kva sak handlar demonstrasjonen om?
- Kva organisasjon er det demonstrantane representerer?
- Korleis vurderer du truverdet til denne organisasjonen?
- Kva er standpunktet til demonstrantane?
- Kva for nokre saksargument bruker demonstrantane for å grunngi standpunktet sitt?
- Slagordet "Tomme ord redder ikke klima(et)!" inneheld ein premiss (ein underforstått påstand), nemleg ei vurdering av innsatsen til politikarane i miljøsaka. Kva er "dommen" over politikarane?
- Å gjenta ein bodskap er eit vanleg verkemiddel i all argumentasjon. Korleis har demonstrantane utnytta dette verkemiddelet?
- Kva slags argumentasjon er det demonstrantane først og fremst satsar på – open eller skjult argumentasjon? Grunngi svaret.
Relatert innhald
Fagstoff
Open og skjult argumentasjonOm forskjellen mellom open og skjult argumentasjon, og om korleis desse to omgrepa samsvarer med dei retoriske fagomgrepa etos, logos og patos.