Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk etos, logos og patos!

Ein talesituasjon er ein retorisk situasjon: Du skal overtyde tilhøyrarane. Då må du appellere til både hovud og hjarte. Les ein tale om ein spesiell katt og undersøk kva talaren gjer for å overtyde.
Raudstripete katt sit på ein stol ved bordet. Den har den eine labben på bordplata. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei tre appellformene

For over to tusen år sidan byrja grekarane å undersøke systematisk kva som gjer ein tale god. Dei fann ut at talaren må overtyde på tre måtar: gjennom etos (truverd), logos (argument) og patos (kjensleappell).

Etos

Du overtyder gjennom måten du framstår og framfører talen på. Det gjer du ved å opptre ordentleg, kle deg etter høvet, møte førebudd og ved å syte for at det er den som skal hyllast som får merksemda – ikkje du sjølv.

Logos

Også ein hyllesttale må ha eit handfast innhald. Når du roser ein person, må du òg "prove" gjennom historier og døme at personen fortener rosen.

Patos

Ingen vellykka hyllesttale er utan ein god porsjon kjensler! Poenget med ein hyllesttale er nettopp å spreie "gode vibbar". Hyllesttalen skal gripe tilhøyrarane, han skal gle den som blir hylla, og han skal løfte stemninga.

Oppgåve


Les gjennom talen nedanfor og undersøk:

  1. Logos: Kva får vi vite om katten Stubb? Korleis såg han ut, kva for nokre eigenskapar hadde han? Kva for døme bruker talaren for å illustrere eigenskapane til Stubb?
  2. Patos: Gi nokre døme på ord og uttrykk som vekker kjensler. Gi òg to–tre døme på humor og ironi i talen. Kva fortel desse døma om Stubb? Opplever du ironien som lun eller skarp?
  3. Etos: Innhaldet og uttrykksmåten talaren vel, seier òg noko om vedkommande som person. Får du inntrykk av at talaren er ærleg, og at hen har vore svært glad i katten sin?

Tale til Stubb

Kjære medelevar!

I dag er det min tur til å halde ein tale for ein kjær ven. Minna om han er mange.

Eg hugsar den dagen du blei fødd. Det var mykje styr, og plutseleg ploppa du ut. Men du var ikkje som alle andre, du var noko for deg sjølv. Eg visste med ein gong eg såg deg, med den vesle klumpen av ein hale, at du var min. Mamma døypte deg Stubb, og det namnet fekk du. Du var ein pus eg aldri kjem til å gløyme.

Mange meiner kanskje at du var ein lat katt som ikkje stod på noko meir enn absolutt naudsynt. Og at det var eit problem at du alltid måtte dusjast fordi du ikkje eingong gadd å vaske din eigen pels. Men for meg var du den beste, med ditt stinkande nærvær var du alltid til glede for meg.

For det første var du veldig trufast. Du var alltid der når eg trong deg. Iallfall når det ikkje var paringstid. Då kunne du kanskje forsvinne av og til, men du kom alltid attende som om ingenting hadde skjedd – tre månader seinare.

Og så var du ein veldig sjølvsikker katt. Du skjønte det kanskje ikkje heilt, at du ikkje akkurat stod øvst på lista over sjefskattane i huset. Stadig vekk fekk du ein skarp pote midt i fjeset når du prøvde å kapre kattematen, men du mista aldri sjølvtilliten din. Du trudde dessutan at du var skogens kjekkas, og du fekk støtt bank av damene når dei syntest du blei litt for kåt og innpåsliten.

Du var matglad og stilte alltid opp til både frukost, lunsj, middag og kvelds. Og møtte også gjerne opp på kalde vinterkveldar og koste deg under eit varmt teppe framfor tv-en, med litt Sørlands-chips. Ja, for det var trass alt favorittpotetgullet.

Du var og er ein ugløymande katt. Eg elska latskapen, truskapen, og sjølvtilliten din, og ikkje minst matgleda di, og eg saknar deg kvar einaste dag.

Oppgåve 2

Hald din eigen tale til eit kjæledyr der du bruker "Tale til Stubb" som inspirasjon og mønster.

  • Vel deg eit dyr du kjenner som bør få ein hyllesttale. Det er lov å dikte opp eit dyr, eller du kan bruke eit dyr frå eit spel, ein tv-serie eller liknande.
  • Øv deg på å framføre talen for nokre medelevar. Gi kvarandre respons på korleis de har brukt appellformene og korleis de bruker kroppsspråk og stemme til å understreke orda i talen

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2019

Læringsressursar

Retorisk analyse