Hopp til innhald
Oppgåve

Kritisk tilnærming til tekstar på internett

Ei utsegn som skal overtyde deg, oppstår ikkje i eit vakuum. Korleis speler konteksten inn når du skal vurdere argumentasjonen i to innlegg om migrantkrisa på Facebook? Og kor påliteleg er eigentleg tre ulike internettsider?

Del 1. Fire steg for kritisk tilnærming til tekst

Du kan bruke metoden under når du skal lese tekstar kritisk.

  1. Kva vil denne teksten meg? Kva prøver han å overtyde meg om?
  2. Kven er avsendaren? Har hen interesser eller bakgrunn som er viktige for meg å kjenne til for å forstå konteksten utsegna har kome ut i?
  3. Kjenn igjen premissane i utsegna. Ein premiss er eit faktum eller ein påstand som forfattaren går ut frå at det er einigheit om, og som derfor ikkje treng noka nærare grunngiving. Men hugs at premissar ikkje nødvendigvis treng å vere sanne!
  4. Analyser teksten ved å nærlese han og setje namn på verkemiddel. Då kan du finne ut korleis han prøver å påverke deg.

Bruk spørsmåla over på dei to tekstane nedanfor. Begge tekstane er Facebook-innlegg om migrantkrisa etter at Tyrkia opna grensene for flyktningar i februar 2020.

Litt hjelp på vegen?
  1. Skriv ned det som er bodskapen i dei to innlegga. Legg du merke til kontrastane?
  2. Begge avsendarane er politikarar. Kva for parti tilhøyrer dei? Finn ut kva partitilhøyselen deira har å seie for bodskapen dei framfører.
  3. Ein premiss i Listhaug sin tekst er "En ny migrantkrise er det siste vi trenger nå". Og premissen kan vel alle vere einige om, ingen ønskjer migrantkrise. Men kven refererer Listhaug til når ho bruker det personlege pronomenet "vi" her?
  4. Premissar i Lysbakken sin tekst er "Nesten alle europeiske land ser bort" og "Det trengs evakuering fra den fortvilte situasjonen". Korleis er disse premissane med på å byggje opp under bodskapen?
  5. Stikkord til analysen av Listhaug sitt innlegg: personlege pronomen, direkte henvending og etos. Stikkord til analysen av Lysbakken sitt innlegg: verdiladde ord og patos.

Del 2. Sjekk ut avsendar og publiseringsplattform

Dei fleste les nyhende og informasjon på VG, NRK og andre kjende nettsider. Men av og til finn du informasjon på sider du ikkje kjenner like godt. Les sidene det er lenkja til under. Finn ut meir om kva truverd tekstane har ved å finne ut:

Kva slags side er dette? Oppsøk fleire kjelder for å finne ut kven som står bak nettstaden.

  • Clonaid.com: Få hjelp til å klone barn!
  • Document.no: Migrantar får barna til å gråte framfor kamera ved å halde dei over røyk frå bål.
  • Islam.net: "Hvordan skal en mann håndtere kvinners fitnah (fristelse)?"

Oppsummer i grupper eller par: Kva fann de ut? Kva har publiseringsplattforma og avsendaren å seie for korleis bodskapen er utforma?

Del 3. Kritisk lesing av overskrifter

  1. Korleis står det til med din eigen kritiske sans når du "surfar" rundt på nettet? Gå inn på nettsidene under og ta eit skjermbilete av overskrifter du meiner skal lure deg til å klikke på lenkjene.

  2. Gå inn på somme av lenkjene du har teke skjermbilete av. Er det nokon av overskriftene som lovar meir enn det innhaldet gir?
  3. Lag ein digital presentasjon der du peikar på ulike "triks" som blir brukte for å få oss til å klikke. Bruk fagomgrep om triksa. Det kan vere

    • direkte førespurnad ("Du vil ikkje tru ...")
    • spørsmålsoverskrifter
    • overdriving
    • overdrivne kontrastar
    • andre overdrivingar
    • fargar og animasjonar som skal fange merksemd
    • skrifttypar som skal vekkje oppsikt
    • biletee som skal lokke
    • anna?

    Eit tips: Fokuser gjerne på korleis nettsidene på ulike vis bruker patos. Det er nok den appellforma som blir brukt mest på framsidene til avisene for å fange lesarar. Kvifor trur du det er slik?