Hopp til innhald

Kritisk tilnærming til tekst

Korleis blir du påverka av tekstane rundt deg? I ei digital verd der alle kan produsere og konsumere uendeleg med tekstar, er det viktig at vi kan vurdere truverdet i tekstar. På same tid bør vi opptre etisk og reflektert i vår eigen kommunikasjon med andre.

Retorisk analyse

Bak alle tekstar står ein avsendar som ønskjer å formidle noko til ein mottakar. I ein retorisk analyse skal du avdekkje kva avsendaren vil formidle og korleis det blir gjort. Prøver avsendaren å appellere til fornufta vår, til kjenslene våre, eller kanskje begge delar? Kva verkemiddel blir brukte?