Lag ein podkast om vertskapsrolla
Lag ein podkast på 10 til 15 minutt om vertskapsrolla. Samarbeid gjerne i grupper på tre.
De bestemmer sjølve innfallsvinkelen til temaet, men her er nokre forslag:
kva som kjenneteiknar vertskapsrolla
konkrete forslag til korleis vi kan få gjestar til å kjenne seg velkomne og sette
vertskapet som ansiktet til bedrifta utetter
relasjonskompetanse og sosial kompetanse
kva som blir meint med servicekvalitet
døme på ubehagelege situasjonar som kan oppstå, og korleis vertskapet kan handtere slike situasjonar
planlegging og gjennomføring av ulike reiselivsaktivitetar
kor viktig det er med eit godt vertskap
Relatert innhald
Lag ein panelpodkast eller ein historieforteljande podkast.
Få gode tips til arbeidet med podkast-oppgåva i desse videoane om podkastar og om lydredigering i gratis-programmet Audacity.