Å omgåast ulike gjestar
Som servicearbeidar er du ikkje ein privatperson, men ein profesjonell representant for arbeidsstaden din. Du må kunne skape kontakt med gjestane – unge og gamle, kvinner og menn, jenter og gutar, ungdom og vaksne – uansett kva interesser, meiningar og haldningar dei har.
Ein servicearbeidar må ha evne til å få eit godt forhold til alle gjestar. Dette krev relasjonskompetanse, det vil seie evne til å omgåast ulike menneske. Det handlar ikkje om å endre personlegdommen sin, men å tilpasse kommunikasjonen til ulike menneske og situasjonar.
Når du står i samband med eit anna menneske, er det ein relasjon, eller eit forhold. Eit menneske som har relasjonskompetanse, har evne til å etablere og halde ved like gode relasjonar til andre menneske. Dette blir òg kalla sosial kompetanse.
Relasjonskompetanse betyr evne til å omgåast menneske av alle slag: opne og spontane, sjenerte, tilbakehaldne og forsiktige, brautande, frekke og uhøvla.
Desse ferdigheitene blir rekna som viktige for å skape gode relasjonar:
Evne til å ta alle menneske på alvor betyr at vi ikkje må la oss lure av førsteinntrykket, men vise interesse for å finne ut kva som skjuler seg under overflata.
- Evne til å stille spørsmål
vil seie at når vi skal bli kjende med nye menneske, er det lurare å stille spørsmål enn å snakke som ein foss. Men spørsmåla må ikkje vere frekke eller nærgåande! - Evne til å skape tillit
er å kunne byggje relasjonar, og det er tidkrevjande. Gode relasjonar er ei "ferskvare" som stadig må pleiast. Innsikt i andre menneske
er evna til å forstå andre sine ønske og behov.
- Sjølvinnsikt
er evna til å forstå våre eigne kjensler, ønske og behov, vite kva vi sjølv ønskjer, vil og kan. - Empati
er evna til å setje seg inn i andre sin veremåte og tankegang. Ein servicearbeidar må kunne forstå ulike menneske og fange opp behova deira. Dette er ein av nøklane til god gjestebehandling.
Ein servicearbeidar må kunne sjå situasjonen frå gjesten si side. Det handlar om å vise omtanke og respekt for andre sine synspunkt, kjensler, ønske og behov. Somme tileignar seg dette gjennom oppveksten saman med familie, naboar og vener som viser oppriktig interesse for medmenneska sine.
Når du skal omgåast ulike menneske på ein profesjonell måte, krevst openheit og erfaring.
Servicearbeidarar møter menneske frå framande kulturar som har andre verdiar, religionar og politiske meiningar. Alle menneske blir prega av kulturen sin – av oppvekst og erfaringar, sosial tilhøyrsel, religion, politisk syn, interesser, kunnskapar, alder, kjønn og personlegdom.
Det kan vere krevjande å omgåast menneske som har heilt andre verdiar enn oss sjølv. Vi kan lett få forenkla førestillingar – stereotypar – om framande menneske og grupper av menneske. Vi puttar folk i bås og skjer alle over éin kam.
Viss vi førehandsdømmer ei heil gruppe menneske, ein kultur eller religion, kan det vere vanskeleg å kommunisere. Ein grunnleggjande regel for god kommunikasjon er derfor å møte kvart menneske som eit enkeltindivid, ikkje som medlem av ei bestemd gruppe. På mange arbeidsplassar innanfor service blir det sett på som uhøfleg å diskutere religion og politikk med gjestane.