Hopp til innhald

Fagstoff

Privat område og intimsone

Det er viktige å respektere det private området og intimsona til gjestar. Her er nokre døme på kva dette inneber.
Eit raudt "ikkje forstyrr"-skilt heng på ei hotelldør. Foto.

Privat område

Du jobbar i ein resepsjon, og ein gjest ringjer ned frå rommet for å fortelje at det manglar handkle på badet. Du går opp med nye handkle og bankar på døra. Gjesten opnar, men ber deg ikkje kome innanfor.

Rommet som gjesten bur på, er i dette tilfellet hans eller hennar private område. Viss du likevel går inn i rommet og vidare til badet for å leggje handklea der, så har du tråkka inn i det private området til gjesten.

Intimsone

Du treffer ei venninne på butikken, ho er der saman med ei anna dame som du ikkje kjenner. De pratar litt om laust og fast, du handhelsar på den andre dama og presenterer deg. Ho er ein del av samtalen, og de blir ståande ei stund og snakke.

Når du går, gir du venninna di ein god klem, snur deg mot den andre dama og gjer det same. Du kjenner då at ho trekkjer seg litt bort. Då har du tråkka over grensa og inn i intimsona hennar utan løyve.

Tre kvinner, der to av dei klemmer og ei står og ler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over og drøft med medelevane dine:

Har du sjølv opplevd at nokon har tråkka inn i ditt private område? Eller at nokon har invadert intimsona di? Korleis var det?

Korleis kan du gjere andre merksame på intimsona di? Kvar går grensene dine når det gjeld klemmar og omfamningar?

Under koronapandemien blei det ein bråstopp for klemming. Trur du dette vil medføre at det blir mindre vanleg å klemme folk vi ikkje kjenner så godt i tida framover?

CC BY-SASkrive av Hilde Morseth. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 27.07.2021

Læringsressursar

Vertskapsrolla