Hopp til innhald
Oppgåve

Presenter vertskapsrolla for nye sommarvikarar

Tenk deg at du er tilsett i ei bedrift som tilbyr reiselivsaktivitetar i nærleiken av der du bur. Du skal i denne samanhengen halde ein presentasjon for nye sommarvikarar om vertskapsrolla.

Oppgåve

Ta utgangspunkt i ei reiselivsbedrift i lokalmiljøet eller ei anna reiselivsbedrift du kjenner til frå før. Tenk deg at du jobbar der som vertskap, og at leiaren gir deg i oppdrag å halde ein presentasjon for nye sommarvikarar om vertskapsrolla.

  1. Lag presentasjonen. Presentasjonen bør innehalde

    • kva som kjenneteiknar vertskapsrolla

    • kvifor vertskapsrolla er så viktig

    • kva som er typiske arbeidsoppgåver for vertskapet i denne reiselivsbedrifta

    • konkrete forslag til korleis sommarvikarane kan få gjestar til å kjenne seg velkomne og sette

    • kvifor det er viktig for sommarvikarane å vere medvitne om eiga rolle og framferd overfor gjester

    • kvifor det er viktig for sommarvikarane å vere medvitne om personleg hygiene og korleis dei kler seg når dei er på jobb

    • døme på ubehagelege situasjonar som kan oppstå, og korleis sommarvikarane kan handtere slike situasjonar

    • kva du meiner er dei tre viktigaste kjenneteikna på eit godt vertskap

  2. Tenk deg at klassa er dei nye sommarvikarane, og hald presentasjonen for dei. Lykke til!