Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag film om vertskapsrolla

I dette oppdraget skal de bruke noko av det de har lært om vertskapsrolla, til å lage ein film.
Foto av elevar som filmar pinnedokker med mobiltelefon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Lag ein film om vertskapsrolla.

Samarbeid gjerne i grupper på tre. Medelevane er målgruppa. Filmen skal vare 3–5 minutt.

Del 1: forarbeid

Begynn planlegginga av korleis filmen skal vere. Skal det til dømes vere ein forklaringsvideo om vertskapsrolla? Eller kanskje de vil lage ein film der de viser ulike scenario som kan oppstå når ein er i vertskapsrolla? Eller ein kombinasjon av desse?

Forslag til innfallsvinklar

I filmen kan de til dømes vise, forklare eller illustrere

  • kva som kjenneteiknar vertskapsrolla

  • konkrete forslag til korleis vi kan få gjestar til å kjenne seg velkomne og sette

  • vertskapet som ansiktet til bedrifta utetter

  • kva som blir meint med relasjonskompetanse og sosial kompetanse

  • kva som blir meint med servicekvalitet i vertskapsrolla

  • døme på ubehagelege situasjonar som kan oppstå, og korleis vertskapet kan handtere slike situasjonar

  • kva vertskapsrolla har å seie for planlegging og gjennomføring av ulike reiselivsaktivitetar

  • kor viktig det er med eit godt vertskap

De vel om de sjølve vil vere skodespelarar og spele rollene i filmen, eller om de til dømes vil nytte pinnedokker som "skodespelarar". Nedanfor er nokre tips til korleis de eventuelt kan bruke pinnedokker i filmproduksjonen.

Del 2: lage manus og storyboard

De skal ha ein plan for filmprosjektet. Lag eit manus før de går i gang med å lage eit storyboard som beskriv korleis filmen skal sjå ut, og som viser scenene de vil ha med.

I artikkelen nedanfor får de ei innføring i korleis de formar ut eit storyboard.

Relatert innhald

Del 3: lage filmen

  • Gjer opptak.

  • Formgi eventuelt visuelt materiale.

  • Ver nøye med at de får gode lydopptak.

  • Rediger og set saman.

  • Sjekk at tempoet er passande.

  • Legg eventuelt på ein .

  • Sørg for at filmen treffer målgruppa og gir eit læringsutbyte.

Del 4: vise filmen for klassa

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng .
Sist fagleg oppdatert 27.04.2022

Læringsressursar

Vertskapsrolla