Planlegging og gjennomføring av reiselivsoppdrag
Som resepsjonist eller booking-medarbeidar kan vi få førespurnader frå potensielle gjester som vil kartleggje lokale opplevingstilbod samtidig som dei hentar inn tilbod på overnatting. Dette er eit flott utgangspunkt for å selje meir enn sjølve overnattinga. Det viktigaste er ofte å kome i ein dialog med gjesten for å avdekkje behov og ønske og skreddarsy tilbod både i og utanfor vår eiga bedrift.
Dersom vi har ei større gruppe, kan vi hente inn ein del nøkkelinformasjon om dei før dei kjem. Både alder, nasjonalitet, den totale lengda på reisa og programmet deira på andre destinasjonar kan vere til god hjelp. Vi kan også bruke operatørar eller andre kontaktar til å sjekke responsen på forslaga våre til opplevingar i god tid før dei kjem.
Mange hotell lagar opplevingsmenyar for større grupper etter same modell som til dømes Hurtigruta. Hovudfordelinga skjer etter førehandspåmelding, samtidig som dei legg inn ein viss fleksibilitet for ad-hoc-påmeldingar og endringar.
Særleg i turistsesongen er det viktig å gjere lokale opplevingar tilgjengelege. Kristiansand er ein destinasjon som har ein lang slik sesong. For mange barnefamiliar er Dyreparken og Kardemomme by den planlagde og viktigaste opplevinga. Ved å gjere eit breiare tilbod av opplevingar tilgjengelege har ein lykkast med å forlengje opphaldet for mange reisande, og ein oppnår større inntening per gjest.
Eit anna døme er hyttene til Den Norske Turistforening (DNT), som har mange ulike aktivitetar for barn og vaksne. Stadig fleire hotell samarbeider med lokale avdelingar av DNT slik at gjestene kan oppdage det beste av lokal natur på ein trygg måte.
På lista over lokale tilretteleggjarar og formidlarar finn vi både destinasjonsselskap, guideselskap, museum, turbussoperatørar og mange andre.