Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til filmen "Godt vertskap"

I filmen "Godt vertskap" snakkar Märit Torkelson, leiar for Vertskapet Utvikling AS, om kva evner og eigenskapar som er viktige i vertskapsrolla. Vi får òg sjå døme på korleis vertskapsrolla kan utøvast i praksis. Jobb med oppgåvene til filmen.

Oppgåve 1

Sjå filmen, og ta notat undervegs.

Oppgåve 2

Korleis forklarer Märit Torkelson ordet vertskap?

Oppgåve 3

I filmen seier Märit Torkelson:

  • "Vertskap er ei haldning – ikkje ei stilling."

  • "Ein kan sjå på vertskap som ein muskel ein kan trene."

  • "Omtanke er hjartet til vertskapet."

Forklar kva Märit Torkelson meiner med kvar av desse utsegnene.

Oppgåve 4

Beskriv korleis vertskapsrolla kan utøvast i praksis, og gi konkrete døme frå filmen.

Oppgåve 5

Gjer greie for kvifor det er viktig å vere eit godt vertskap.

Oppgåve 6

Drøft påstandane:

  • "Resepsjonisten har den viktigaste oppgåva på eit hotell."

  • "Eit godt vertskap er det viktigaste konkurransefortrinnet for ulike reiselivsaktivitetar."

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2022

Læringsressursar

Vertskapsrolla