Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vertskapsrolla i praksis

Kva betyr det for bedrifta å vere eit godt vertskap, og kva betyr det for gjestane?

I videoen høyrer du vertskapet på "Han Sylte" i Fauske fortelje om vertskapsrolla hos dei.

De kan jobbe med oppgåvene i små grupper.

Oppgåve 1: før filmen

  • Ein på gruppa skriv ned kva de tenkjer er dei viktigaste punkta for eit vertskap, sett frå både gjesten si side og bedrifta si side.

  • Diskuter opplevingar de har hatt med eit vertskap. Er det noko vertskapet gjorde som var spesielt bra eller spesielt dårleg?

  • Kva gjorde vertskapet som utgjorde ein forskjell for deg?

  • Diskuter kva de legg i omgrepet vertskapsrolle, og kvifor det har så mykje å seie for reiselivet.

Oppgåve 2: under filmen

  • Sjå filmen kvar for dykk.

  • Ta notat i løpet av filmen, de kan stoppe og spole når de vil.

  • Kva seier dei innleiingsvis om det å vere vertskap?

  • Kva punkt synest du er viktig?

  • Korleis blir gjestane ønskte velkomne til "Heimen"?

  • Korleis kan du formidle verdien av ein stad til gjestane, før, under og etter besøket?

  • Korleis avdekkjer "Han Sylte" behovet til gjestane?

  • Kva er vertskapet på "Han Sylte" på jakt etter når dei ser etter nye medarbeidarar?

  • Kva vil det seie å "vere på scenene" i vertskapsrolla?

  • Kvifor må du setje grenser for deg sjølv i vertskapsrolla?

  • Korleis kan du setje ein pris på vertskapsrolla?

Oppgåve 3: etter filmen

  • Sett dykk saman i gruppene.

  • Gå gjennom notata dykkar, ein og ein.

  • Diskuter likskapar og forskjellar i svara dykkar.

  • Bli einige om kva de tenkjer vertskapsrolla handlar om i slike reiselivsprodukt.

Eit morelltre i blomstring, med fjord og snødekte fjell i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Refleksjon i fellesskap

  • Diskuter vertskapsrolla i klassa.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2021

Læringsressursar

Vertskapsrolla