Respekt og avstand
Avstanden du held til andre, er avgjerande for å kunne etablere god kontakt. Kjem du for nær, kan du bli oppfatta som nærgåande og pågåande. Kva som er for nært, varierer. Vi har ulik intimsone.
Står du for nær intimsona til nokon, kan dei oppleve det som veldig ubehageleg. For å kunne vite kvar den enkelte har si intimsone, må vi kjenne han eller henne godt.
I vertskapsrolla får vi kanskje ei større erfaring med intimsona til andre menneske enn mange andre. Vi treffer og blir kjende med nye menneske kvar dag. Somme blir vi betre kjende med enn andre.
Ordet revir blir oftast brukt når vi pratar om dyr. Hundar og kattar viser tydeleg kva som er reviret deira ved å urinere på faste plassar når andre dyr nærmar seg. Dette gjer dei for å vise kva som er deira eigedom, og dei ber på den måten andre hundar og kattar om å halde seg vekk.
Å respektere reviret til nokon handlar om noko litt anna enn å respektere intimsona. Intimsona handlar mest om kroppskontakt, medan eit revir handlar meir om eigedom.
Tenk over
Har du eit revir? Kva med rommet ditt? Andre stader? Er det noko du meiner er ditt område eller din eigedom?
Det blir meir og meir vanleg å gi kvarandre klemmar. Sjølv om vi her i Noreg blir sette på som eit reservert folkeslag, så har det i dei siste åra blitt meir akseptert å klemme folk ein eigentleg ikkje kjenner så godt.
Vi skal likevel vere forsiktige og ha god menneskekjennskap før vi gir eit ukjent menneske ein klem. Mange er flinke til å bruke kroppsspråket sitt på ein slik måte at det ikkje finst rom for tvil.
Det er derfor viktig at vi lèt gjesten ta initiativet til kor nære vi kan vere. Somme er veldig impulsive og klemmer på både ukjende og kjende, medan andre klemmer aldri nokon andre enn den næraste familien.