Hopp til innhald

Fagstoff

Betydninga av vertskapsrolla

Kva kjenneteiknar eit godt vertskap, og kva betydning har det for ulike reiselivsaktivitetar korleis du utøver vertskapsrolla? I vertskapsrolla er kanskje det aller viktigaste at du meistrar kunsten å få folk til å kjenne seg velkomne.

Vertskap er kunsten å få folk til å kjenne seg velkomne. Dette kan innebere å vere open, imøtekomande, inkluderande og hjelpsam i møte med gjestane.

Tenk over

Hugsar du eit tilfelle der du kjende deg velkomen?

Kva skal til for at du kjenner deg velkomen på ein reiselivsaktivitet?

På Tripadvisor står det ofte om menneska som gjestane møtte. Kvifor trur du menneskemøta er så viktige for korleis gjestane opplever ein reiselivsaktivitet?

Korleis vil du at gjestane skal oppfatte deg som vert for ein reiselivsaktivitet? Korleis bør du opptre i vertskapsrolla for å få til dette?

Foto av bunadskledd vertskap.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange varer og tenester kan vere nokså like. Derfor er det menneskelege ein viktig konkurransefaktor. Har personalet ein god tone med gjestane og vågar å by på seg sjølv, aukar sjansane for at gjestane kjem igjen. Bedrifter som lykkast med å dyrke gode relasjonar til gjestane, har derfor eit konkurransefortrinn.

Eit godt vertskap gir rett og slett meir nøgde gjestar. Nøgde gjestar kjem gjerne tilbake, dei snakkar positivt om bedrifta, og dei kjøper meir, som igjen gir auka lønsemd for bedrifta.

Foto av glad resepsjonist som står ved disken.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tilsynelatande små ting, som venlege blikk og varme smil, kan ha mykje å seie. Slike små ting skal ikkje undervurderast, og ein gjest vil truleg setje stor pris på at du til dømes kjenner vedkomande igjen frå eit tidlegare besøk.

Her følgjer eit par sitat om kor viktig det er å få folk til å kjenne seg velkomne, og eit ordtak om å ikkje undervurdere dei små tinga:

Eg har lært meg at menneske lett gløymer kva du har sagt og gjort, men dei gløymer aldri korleis du har fått dei til å kjenne seg. (Maya Angelou, amerikansk poet og borgarrettsaktivist)

Alle menneske har rett til å bli møtt med respekt, verdigheit, glede og omtanke. (Märit Torkelson, gründer og leiar av Vertskapet Utvikling AS)

Viss du ikkje trur at små ting har ei betydning, lukk deg inn i eit mørkt, lite rom med ein mygg. (afrikansk ordtak)

I videoen nedanfor ser du programleiar Anne Lindmo som får kjenne på livet som vertskap på Gaustatoppen.

Kort samandrag av videoen om å vere vertskap på Gaustatoppen

NRK-programleiar Anne Lindmo er med som vertskap på turisthytta på Gaustatoppen. I starten av videoen sit ho saman med Ann Kristine Karlsson og Jorunn Karlberg Tveiten, som er hyttevertskap. Dei fortel om rolege morgonstunder som fort går over i at det ballar på seg med mange besøkjande som tek turen til Gaustatoppen. Vi ser at Anne Lindmo lagar og sel vaflar, snakkar med dei besøkjande og er ein del av Den Norske Turistforenings ansikt utetter for ein dag, som ein del av vertskapet på Gaustatoppen.

For å kunne utøve godt vertskap for gjestane er det viktig at det interne vertskapet er bra. Det vil seie korleis vertane er overfor kvarandre. Å ha det godt på jobb og kjenne tilhøyrsle er kjempeviktig. Dermed er det òg eit viktig leiaransvar å sørgje for at dei tilsette kjenner seg velkomne.

Å vere ein god vert som skaper positive opplevingar, vil òg gi noko til ein sjølv i form av arbeidsglede. Når vi har det godt og gøy på jobb, og vi respekterer og hjelper kvarandre, smittar den gode stemninga over på gjestane. Gjestane blir rett og slett meir nøgde når atmosfæren er god.

Foto av ein breførar som leier ei gruppe menneske over isen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I videoen nedanfor fortel Mathilde Winther, innehavar ved Han Sylte i Fauske, om vertskapsrolla og kva ho meiner kjenneteiknar eit godt vertskap. Han Sylte starta med produksjon av marmelade i 2013 og har no utvikla seg til eit reiselivsprodukt med kolonial og kafé, overnatting, selskapslokale og møtefasilitetar.

Tenk over

Kva meiner du er dei tre viktigaste kjenneteikna på eit godt vertskap?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2022

Læringsressursar

Vertskapsrolla