Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fiskeguiden

Å leggje til rette for samspel mellom kundar er ei viktig oppgåve for guidar, sjåførar og andre som skal leie grupper i reiselivet. Dette skal du øve deg på her.
Sportsfisker. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå fimen om fiskeguiden Odd her (Youtube): Fiskeguiden

  1. Filmen viser at ikkje alle er like interesserte i fiske. Vurder korleis Odd løyste utfordringa med at gjestene har ulike behov og forventingar.
  2. Ta utgangspunkt i det første møtet mellom Odd og gjestene. Kva for nokre mål meiner du Odd burde ha sett seg for det første møtet med gjestene?
  3. Odd nekta ein alkoholpåverka mann å vere med på turen. Kva synest du om måten Odd løyste denne situasjonen på?
  4. Kva burde Odd ha gjort om mannen ikkje aksepterte at han ikkje fekk vere med?
  5. Gå saman med eit par medelevar og lag eit rollespel som viser korleis de ville handtert det første møtet med gjestene.
  6. Odd ønskte å starte turen så raskt som mogleg. Kva kunne han ha gjort for å unngå at enkelte opplevde dette som tidspress?
  7. Ein av gjestene ønskte å ha med gitar. Korleis ville du ha handtert eit slikt ønske?
  8. Før dei starta å fiske, hadde Odd ei lita informasjonsøkt. Kva bør vere målsetjinga for ein slik informasjon?
  9. Filmen viser ikkje korleis fisketuren blei avslutta. Korleis ville du ha avslutta fisketuren?

Relatert innhald

Service blir kanskje aller mest kjenneteikna av at han involverer fleire menneske både i og utanfor vår eiga bedrift. Her får du nokre døme.

CC BY-SASkrive av Steinar Madsen.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2017

Læringsressursar

Vertskapsrolla