Hopp til innhald
Fagartikkel

Kunnskapsløftet 2020, overordna del

Hausten 2020 vart det innført eit nytt læreplanverk med namnet Kunnskapsløftet 2020. Dette omfattar opplæringa barn og unge får frå første klasse på barnetrinnet til og med studieførebuande eller yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring og opplæring i bedrift og arbeidsliv.

Kunnskapsløftet 2020 består av overordna del, fag- og timefordelinga og læreplanar i fag. Dette er forskrifter til opplæringslova og skal styre innhaldet i opplæringa.

For barne- og ungdomsarbeidaren er det berre overordna del du må nytte i jobben din. Han er igjen delt i tre område: verdigrunnlaget til opplæringa, prinsipp for læring, utvikling og danning og prinsipp for praksisen til skulen. Du finn lenkje til heile overordna del nedst på sida.

Verdigrunnlaget til opplæringa

Verdigrunnlaget til opplæringa handlar om dei verdiane som formålsparagrafen uttrykkjer. Verdiane er grunnlaget for demokratiet vårt og skal hjelpe oss å leve, lære og arbeide saman i ei kompleks tid og i møte med ei ukjend framtid.

Prinsipp for læring, utvikling og danning

Denne delen handlar om dei prinsippa som ligg til grunn for læring, utvikling og danning. Det er viktig at du kjenner til desse prinsippa når du jobbar med barn og unge i skule og SFO. Du må tenkje på at du er med på å danne og utdanne barn og unge sjølv om ansvarsområdet ditt ikkje handlar om opplæring i dei ulike faga. Danning og utdanning heng saman, og oppgåva til skulen er å løyse dette dobbeltoppdraget.

Du som barne- og ungdomsarbeidar skal gi elevane eit godt grunnlag for å forstå seg sjølve, andre og verda og for å gjere gode val i livet. Samtidig lever barn og unge her og no, og skulen må anerkjenne eigenverdien til barndommen og ungdomstida. Vi seier at skulen og SFO skal danne heile mennesket og gi kvar og ein moglegheit til å utvikle evnene sine. Identiteten og sjølvbiletet til barn og unge, meiningar og haldningar blir til i samspel med andre. Vi kallar det sosial læring, og det skjer heile tida.

Prinsipp for praksisen til skulen

I tredje del i den overordna delen finn vi punktet prinsipp for praksisen til skulen. Det handlar om å møte barn og unge med tillit, respekt og krav, og å gi dei utfordringar som fremjar danning og lærelyst. For å lykkast med dette må skulen byggje eit godt læringsmiljø og tilpasse undervisninga i samarbeid med elevane og heimane.

Utfordringar til deg

  1. Kva betyding har overordna del for arbeidet ditt som barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO?
  2. Kva tenkjer du om prinsippet for sosial læring?

Relatert innhald