Hopp til innhald

Fagstoff

Politiattest

Alle som skal tilsetjast i arbeid med barn og unge, må leggje fram politiattest som viser om han eller ho er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep mot barn. Personar som er dømde for slike overgrep, kan ikkje bli tilsette.
Barn i ein skulekorridor. I midten ser vi ein gut som triksar med ein basketball. Langs veggane og bak guten står det andre barn. Nokon ser på ein iPad, nokon ser ut av vindauget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva og kvifor politiattest?

Politiattest er ei erklæring frå politiet som stadfestar at du ikkje er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep mot barn og unge. Barnehagar, skular, SFO og bustader for barn og unge har ansvaret for tryggleiken til dei unge. Det blir stilt strenge krav til den som skal ha ei omsorgsrolle og tillitsposisjon overfor barn og unge. Reglane om politiattest finn du i alt lovverk knytt til den institusjonen du jobbar i. Lova skal redusere risikoen for overgrep og gi allmenta tillit til at tryggleiken til barna blir vareteken.

Korleis søkjar ein om politiattest?

På nettsida til politiet finn du ut korleis du søkjer om politiattest. Du kan berre søkje for deg sjølv, og politiattest er berre gyldig i tre månader. Når du søkjer, må du leggje ved ei stadfesting på føremålet med søknaden. Arbeidsgivar eller oppdragsgivar skal gi deg ei ferdig utfylt stadfesting på føremålet med søknaden. For elevar i vidaregåande skule er den staden der du skal ha praksis, som er oppdragsgivaren din. Viss du er under 18 år, må føresette skrive under.

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2020

Læringsressursar

Lover og reglar i oppvekstsektoren