Oppgåve
Bli kjend med friluftslova
Friluftslova og allemannsretten er lovverk som seier at du har rett til å ferdast ute i naturen, men det er nokre reglar du må følgje.
I lover og forskrifter for barnehagar, skule, SFO, fritidsklubbar og bustader ligg det føringar for at du skal leggje til rette for at barn og unge får moglegheit til å oppleve og bruke naturen. I den samanhengen er det viktig at du har kunnskap om friluftsliv og kva friluftslova seier. I tillegg må du ha kunnskap om allemannsretten, dette er skrive ned i friluftslova.
- Definer omgrepet friluftsliv.
- Kva er føremålet med friluftslova?
- Kva blir meint med allemannsretten?
- Kvar kan ein drive med friluftsliv?
- Korleis skal du oppføre deg i naturen?
- Lag ein kollasj som viser kva du har lov til å gjere i naturen.
- Kva blir utvikla og fremja hos barn og unge når dei ferdast i naturen? Lag ei liste og grunngi punkta du tek med.
- Planlegg ein friluftsaktivitet som du kan gjennomføre med ei gruppe barnehagebarn eller skulebarn. Vel aldersgruppe sjølv. Prøv ut aktiviteten med klassen din.