Hopp til innhald
Fagartikkel

Helse og miljø i barnehage, skule og skulefritidsordning

Forskrift om helse og miljø i barnehage, skule og skulefritidsordning skal bidra til at barn og elevar har eit helsefremmande miljø og vernast mot risikoforhold. Forskrifta gjeld ikkje for miljøet til dei tilsette. For dei gjeld arbeidsmiljølova.

Formålet med forskrifta

Formålet med forskrifta er å bidra til at det fysiske miljøet i desse verksemdene er helse- og trivselsfremmande og stimulerer til leik og læring. Samtidig skal forskrifta bidra til at sjukdom, skade og alvorlege hendingar blir førebygde. Ho skal sikre at omsynet til barna blir vareteke både når verksemda blir planlagd, og når ho blir driven og blir halden ved like.

Forskrifta beskriv krava til korleis det fysiske miljøet skal vere. Ho gjeld både inne og på uteområdet som ligg på eigedommen for verksemda, og like ved denne. Forskrifta vil òg gjelde når barna er på utflukter og turar.

Barna skal oppleve tryggleik, meistring, nærleik og livsglede. I arbeid med barn og unge må vi sjå det fysiske og det psykososiale miljøet i samanheng, fordi det er miljøet samla sett som har noko å seie for helsa, trivselen, leiken og læringa til barn og elevar. Krav til det psykososiale miljøet blir regulert i barnehagelova (kapittel VIII) og i opplæringslova (kapittel 12).

Miljø- og helsekrav til verksemder

For å sikre god helse og trivsel for barn og elevar er det viktig å ha eit miljø som varetek behova deira både inne og ute. Barnehagar, skular og skulefritidsordningar skal derfor drivast på ein helsemessig og tilfredsstillande måte, der det fysiske miljøet er trygt og forsvarleg.

Lokala og uteområda skal vere utforma på ein måte som fremmar helse, trivsel, leik og læring for alle, uansett funksjonsevne. Det skal vere mogelegheit for både helsefremmande og allsidige aktivitetar og kvile, slik at barn og elevar kan utforske og lære på ein stimulerande og trygg måte. Samtidig skal lokala og uteområda kunne førebygge skadar, ulykker, overgrep og andre alvorlege hendingar, slik at barn og elevar kan kjenne seg trygge og verna i det fysiske miljøet sitt.

For å fremme god helse og trivsel hos barn og elevar blir det tilrådd at dei er regelmessig og tilstrekkeleg aktive, og å redusere tida dei er i ro. Dette er i tråd med Helsedirektoratets faglege råd om fysisk aktivitet og stillesitting. Uteområde skal formast ut og leggast til rette slik at dei er eigna for leik og samhandling, fysisk og sosial aktivitet, rekreasjon og kvile. Det er viktig at uteområdet har varierte funksjonar som er tilpassa alle. Samtidig bør uteområdet stimulere til varierte eigenorganiserte og organiserte aktivitetar tilpassa ulike aldersgrupper og funksjonsnivå.

For å sikre at uteområdet er trygt, skal det vere trafikksikkert og ha sikring mot fallskadar. Uteområdet bør òg ha både sol- og skuggestader, god luftkvalitet og vern mot støy og andre miljøbelastningar. Det er òg eit krav om universell utforming av uteområdet, slik at det er tilgjengeleg for alle uavhengig av funksjonsevne. Dette betyr at uteområdet skal formast ut på ein måte som gjer det mogleg for alle å delta i leik og aktivitetar på ein likeverdig måte.

Tenk over

Areal for aktivitet som er tilgjengelege for barnehagebarn og skuleelevar, varier mykje rundt om i landet.

Tenk på uteområda til barnehagar og skular du kjenner til. Er dei utforma slik at dei kan fremme helse, trivsel, leik og læring på ein trygg måte for alle?

Inneklima, lys- og lydforhold

Eit godt inneklima i barnehagar, skular og skulefritidsordningar har mykje å seie for helse, trivsel og læring for barn og unge. Inneklimaet skal vere helsemessig tilfredsstillande. Det skal vere god luftkvalitet der inneluft skal kunne beskrivast som frisk og behageleg. Temperaturen bør ligge mellom 19 og 26 gradar.

God belysning, tilgang på dagslys og utsyn er viktig for inneklimaet, og det har noko å seie for helse, aktivitet og trivsel. Det må sikrast at alle barn og elevar har gode lysforhold, òg barn med nedsett syn.

Barn og elevar skal vere verna mot støy og slik at merksemda deira ikkje blir svekt eller det blir vanskeleg å snakke saman. Støy er uønskt lyd som kan føre til stress og helseplager over tid. Støy kan òg forstyrre konsentrasjon, merksemd, kommunikasjon og læring. Akseptabelt støynivå avheng av tid, stad, lydtype og subjektive faktorar, så ulike personar kan ha ulik oppfatning av om noko er støy eller ikkje.

Måltid, matpausar og drikkevatn

Måltid i barnehagar, skular og skulefritidsordningar er viktig for helsa og trivselen til barn og elevar og for det sosiale og pedagogiske miljøet i verksemda

Det skal skapast ei god ramme rundt måltidet, og barn skal ha nok tid til å ete maten sin. Måltidet har ein viktig sosial funksjon, og det er viktig å legge til rette for ein godt sosial fellesskap, eit helsefremmande kosthald og at dei kan nyte maten sin. Vaksne som deltek og et saman med barna, har stor påverknadskraft på barn og elevars forhold til mat, ernæring og korleis ein skal omgåast under måltidet. Det er òg viktig å unngå forstyrringar som skjermbruk eller anna underhaldning under måltidet.

Ein må sørge for at barn og elevar får tilstrekkeleg tid og ro til å ete. Barn i barnehage bør ha minimum 30 minutt matpause. Elevar i skule og skulefritidsordning bør ha minimum 20 minutt matpause. Tid til førebuing, handvask og opprydding kjem i tillegg.

Mat må blir lagra, laga til og servert i samsvar med Mattilsynets råd og regelverk og rutinar som varetek omsynet til matallergi og matintoleransar. Viktige råd inkluderer god handhygiene ved tillaging og før måltidet, og dessutan rask nedkjøling av mat som ikkje skal etast med ein gong.

Det bør alltid vere kaldt drikkevatn tilgjengeleg, både til og mellom måltida. Drikkevatnet skal vere i samsvar med kravet frå drikkevassforskrifta.

Sanitæranlegg

God utforming og plassering av sanitære anlegg er viktig for å sikre retten barn og elevar har til privatliv, og for å førebygge uønskte hendingar. Det vil òg ha noko å seie for trivsel og opplevd tryggleik. Sanitære anlegg må ha hygienisk tilfredsstillande standard, vere enkle å reingjere og ha tilstrekkeleg kapasitet. Godt reinhald er spesielt viktig med omsyn til smittevern. Alle toalett må ha såpedispenser, tørkemoglegheit og varmt vatn.

Reingjering og avfallshandtering

Godt reinhald er viktig for å sikre god hygiene, eit godt inneklima og trivsel. Kravet om forsvarleg reinhald gjeld for alle delar av verksemda, både inne og ute, og omfattar alle overflater i lokala. Forsvarleg reinhald handlar om å tilpasse reinhaldet etter behov og å utarbeide ein reinhaldsplan tilpassa behovet for verksemda.

Rutinar for handtering av avfall er òg viktig for å unngå smittespreiing og sjenerande lukt. Spesialavfall må samlast inn og leverast i tråd med regelverket.

Smittevern

Verksemda skal planleggast, leggast til rette og drivast slik at spreiing av smittsame sjukdommar blir førebygd best mogleg. Dette kan ein oppnå gjennom gode hygienerutinar, som skildra i Folkehelseinstituttets temaside om smittevern i barnehagar og skular.

Vi må sjå smittevern i samanheng med krav til inneklima, reingjering og rutinar for matservering. For å redusere mogelegheita for smitte med luftvegsvirus er det viktig å sikre inneluft av god kvalitet og i tilstrekkeleg mengder.

Beredskap, førstehjelp og sikkerheitsutstyr

Verksemda har ansvar for sikkerheita til barna og elevane heile tida dei er i barnehagen eller på skulen, anten dei er på inne- og uteområda til barnehagen eller skulen eller på utflukter.

Barnehagar, skular og skulefritidsordningar må ha planar og rutinar for å førebygge og handtere skadar, ulykker, overgrep og andre alvorlege hendingar. Rutinane må vere kjende for alle tilsette, barn og elevar.

Det er òg viktig at dei tilsette har tilstrekkeleg opplæring i førstehjelp, og at verksemda har førstehjelpsutstyr og anna sikkerheitsutstyr for å handtere ulykkes- og faresituasjonar. Rutinane må òg inkludere registrering og oppfølging av ulykker, skadar og nestenulykker. Hyller, skap og andre tunge objekt som kan medføre fare, må festast slik at barn ikkje kan få dette over seg.

Informasjonsplikt

Verksemda pliktar å informere barn, elevar og foreldre om kravet forskrifta har til det fysiske miljøet, mogelegheita til å vende seg til kommunen og om forhold som kan ha negativ innverknad på helsa.

Dette betyr at barnehagebarn, elevar og foreldre skal få relevant informasjon om korleis barnehagen eller skulen oppfyller krava til eit godt fysisk miljø, og korleis dei kan kontakte kommunen dersom dei meiner at krava ikkje blir oppfylte. Vidare skal dei også få informasjon om forhold som kan ha negativ innverknad på helsa, og om tiltak som blir sette i verk eller blir vurdert sett i verk.

Formålet med informasjonsplikta er å sikre at barn, elevar og foreldre kjenner til kva dei kan krevje av barnehagen eller skulen, og korleis dei kan ta saka vidare dersom dei meiner at barnehagen eller skulen ikkje oppfyller pliktane sine.

Internkontroll

Internkontroll er ein eigenkontroll som barnehagen og skulen sjølv utfører, og som dokumenterer at regelverk blir følgt. Verksemda skal altså vite kva ho skal gjere, gjere det og etterpå kunne dokumentere at ho har gjort det. Internkontrollsystemet skal gjere det enkelt å drive kontinuerleg forbetringsarbeid i barnehagen og skulen/SFO.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor må ein barne- og ungdomsarbeidar kjenne til forskrift om helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar?
  2. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar bidra til å skape eit godt fysisk og psykososialt miljø i ein barnehage eller skule/SFO?

Kjelder

Forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger. (2023). Forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger (FOR-2023-03-28-449). Lovdata. https://lovdata.no/LTI/forskrift/2023-03-28-449

Helsedirektoratet. (2023, 30. juni). Helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger. Veileder til lov og forskrift. https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/helse-og-miljo-i-barnehager-skoler-skolefritidsordninger

Relatert innhald