Oppgåve
Bli kjend med rammeplanen for barnehagen
Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver er ei forskrift til barnehagelova. Ho gir detaljerte skildringar av innhaldet i barnehagen og kva personalet i barnehagen må gjere for å oppfylle lovkrava.
Barnehagelova og forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver er viktig lovverk som du som barne- og ungdomsarbeidar må arbeide i tråd med i barnehagen. Rammeplanen inneheld meir detaljerte skildringar for arbeidet i barnehagen, slik at drifta følgjer føresegnene i barnehagelova.
I desse oppgåvane vil du bli kjend med noko av innhaldet i rammeplanen for barnehagen. Bruk rammeplanen når du svarer på spørsmåla.
- Kva er verdigrunnlaget til barnehagen?
- Kva ansvar har styraren i barnehagen?
- Kva ansvar har pedagogisk leiar i barnehagen?
- Kva må personalet gjere for at barnehagen skal ta vare på behovet til barn for omsorg?
- Kva må personalet gjere for at barnehagen skal ta vare på behovet til barn for leik?
- Kva må personalet gjere for at barnehagen skal fremje danning?
- Kva må personalet gjere for at barnehagen skal fremje læring?
- Kva må personalet gjere for at barnehagen skal fremje venskap og fellesskap?
- Kva må personalet gjere for at barnehagen skal fremje kommunikasjon og språk?
- Kva skal planlegging bidra til?
- Kva må planlegginga vere basert på?
- Kva skal årsplanen gi informasjon om?
- Kva er vurdering, og kva er hovudmålet med vurderingsarbeid?
- Kva er føremålet med dokumentasjon i barnehagen?
- Kva skal personalet gjere ved val av arbeidsmåtar?
- Kva skal personalet gjere i arbeid med digital praksis?
- Kva er dei ulike fagområda i barnehagen?
- Kva skal dei ulike fagområda bidra til for barna?
- Vel deg to fagområde. Kva kan personalet gjere for å leggje til rette for arbeid med desse fagområda? Diskuter deretter med ein medelev som har valt andre fagområde.
- Diskuter med ein medelev eller i klassen kva rammeplanen vil ha å seie for arbeidet dykkar som barne- og ungdomsarbeidarar.