Barnekonvensjonen
Barnekonvensjonen er ein av dei mest omfattande menneskerettskonvensjonane FN har forhandla fram. Det at konvensjonen er omfattande, gjer at landa som har godteke avtalen, har forplikta seg til mykje.
Barnekonvensjonen heiter eigentleg FNs konvensjon om barns rettigheter og er lova til barna formulert i eit dokument som forpliktar landa som godkjenner ho, til å overhalde innhaldet i lova. Konvensjonen vart einstemmig vedteken av leiarane i verda på FNs generalforsamling i New York 20. november 1989. Den 8. januar 1991 ratifiserte Noreg barnekonvensjonen, og i 2003 vart barnekonvensjonen ein del av norsk lov.
Konvensjonen inneheld 54 artiklar. Alle land i verda, unnateke USA, har slutta seg til barnekonvensjonen, men ikkje alle land har godkjent alle punkta. Nokre land har reservert seg mot delar av innhaldet i konvensjonen. Han gjeld for alle barn som er under 18 år, uansett nasjonalitet, kjønn, sosial status, religion og kultur og gjeld uansett om det er fred eller krig.
FNs barnekomité (CRC) overvaker korleis barn har det i landa som har slutta seg til avtalen, og dei kjem med tilrådingar om korleis landa kan betre rettane til barn.
- Alle barn er fødde frie og er like mykje verde.
- Alle barn har rett til eit namn og ein nasjonalitet.
- Alle barn har rett til vern.
- Alle barn har rett til best mogleg helsehjelp og nok mat og drikke.
- Alle barn har rett til å bli høyrde og bli tekne omsyn til.
- Alle barn har rett til å gå på skule.
- Alle barn har rett til leik, fritid og kvile.
- Alle barn har dei same rettane.
Utfordringar til deg
- Kvar og når vart barnekonvensjonen vedteken, og kva er føremålet med barnekonvensjonen?
- Kva er det eigentlege namnet på barnekonvensjonen, og kven gjeld barnekonvensjonen for?
- Kva betyr å ratifisere?
FN-sambandet. (2019, 17. juni). Barnekonvensjonen. https://www.fn.no/om-fn/avtaler/menneskerettigheter/barnekonvensjonen