Hopp til innhald
Oppgåve

Bli kjend med barnehagelova

Barnehagelova er eit styringsdokument for å sikre kvaliteten på barnehagen. Alle som arbeider i barnehagen, må kjenne til innhaldet i lovverket og kva føringar det gir for arbeidet.

Lover og reglar

Lover seier noko om kva rettar og plikter vi har, og kva som er rett og gale. Lover er til for at vi menneske skal ha det bra. Barnehagelova er til for at barn skal ha det bra i barnehagen.

Det blir forventa av deg som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar at du kjenner til lovverket som gjeld for arbeidsplassen din. Det betyr ikkje at du skal kunne lova utanåt, men du skal ha kunnskap om kva lover og forskrifter som gjeld for arbeidet ditt og ha oversikt over innhaldet i dei.

Oppgåver

I desse oppgåvane blir du kjend med noko av innhaldet i barnehagelova. Bruk barnehagelova når du svarer på spørsmåla.

  1. Kva skal formålet med barnehagen vere?
  2. Kva skal vere innhaldet i barnehagen?
  3. I barnehagelova står det at barn har rett til medverknad. Kva vil det seie?
  4. Kva står det at barnehagen skal gjere i samarbeid med foreldra/heimen?
  5. Korleis skal samarbeidet mellom foreldre/heimen og barnehagen gå føre seg?
  6. Kven har rett til barnehageplass?
  7. Kven har rett til prioritert opptak?
  8. Kva utdanning skal styrar/dagleg leiar ha?
  9. Kva utdanning skal pedagogisk leiar ha?
  10. Kor mange tilsette skal det vere per barn i grunnbemanninga?
  11. Kva krav er det til norskkunnskapar for å bli fast eller mellombels tilsett i barnehage?
  12. Kva forbod mot klesplagg er det i barnehagen?
  13. Kva betyr det at barn har rett til spesialpedagogisk hjelp?
  14. Kva vil det seie at for å tilsetjast i barnehagen må det ein levere politiattest?
  15. I paragraf 20 står det: "For virksomheter etter denne lov gjelder reglene om taushetsplikt i forvaltningsloven §§ 13 til 13f tilsvarende". Det betyr at ein er underlagt teieplikt slik det blir beskrive i forvaltningslova. Finn forvaltningslova og finn ut kva teieplikt inneber.
  16. Kva står det om opplysingsplikt til barnevernet?
  17. Diskuter med medelevar eller i klassen kva betyding barnehagelova får for arbeidet ditt som barne- og ungdomsarbeidar. Har ho noko å seie for det arbeidet du skal gjere i barnehagen?

Relatert innhald