Barnehagelova
Barnehagane i Noreg blir regulerte av lov om barnehager, i daglegtale kalla barnehagelova. Barnehagelova har fleire forskrifter som utfyller lova, mellom anna forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver.
Lova er forpliktande for alle barnehageeigarar, både offentlege og private. Barnehagelova bidreg til å sikre eit likeverdig, kvalitativt godt pedagogisk tilbod for alle barn.
Samfunnsmandatet til barnehagen
Barnehagen har eit samfunnsmandat. Det betyr at samfunnet har gitt barnehagen eit oppdrag med å utføre bestemde oppgåver på vegner av samfunnet. I føremålsparagrafen i barnehagelova blir samfunnsmandatet til barnehagen fastsett, og saman med kva verdigrunnlag arbeidet i barnehagen skal byggje på. For ein barne- og ungdomsarbeidar i barnehagen er det viktig at du kjenner til føremålet med barnehagen.
Ta vare på behovet til barna for omsorg og leik, fremje læring og danning
Det er foreldra som har hovudansvaret for oppsedinga til barna. Barnehagen skal vere eit supplerande miljø i tillegg til heimen. I føremålsparagrafen i barnehagelova står det at barnehagen i samarbeid og forståing med heimen skal ta vare på behovet til barna for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.
Samarbeid med foreldre
Foreldra og barnehagepersonalet har eit felles ansvar for trivselen og utviklinga til barnet. Det er derfor naudsynt at foreldre og barnehage har regelmessig kontakt og samarbeider godt. Samarbeidet mellom heimen og barnehagen skal alltid ha det beste for barnet som mål.
Verdigrunnlaget til barnehagen
Barnehagen skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, som respekt for menneskeverdet og naturen. Han skal òg byggje på åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet og på verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn, og som er forankra i menneskerettane. Verdigrunnlaget til barnehagen skal bli formidla, praktisert og opplevd i alle delar av det pedagogiske arbeidet til barnehagen.
Kva barnehagen skal bidra til for barna
I føremålsparagrafen i barnehagelova står det vidare at barna skal få utfalde skaparglede, undring og utforskartrong. Dei skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggjande kunnskapar og evner. Dei skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetnader.
Barnehagen skal bidra til trivsel og glede
Til slutt i føremålsparagrafen står det at barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommen sin eigenverdi. Han skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og han skal vere ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og venskap. Barnehagen skal fremje demokrati og likestilling og motarbeide alle formar for diskriminering.
I paragraf 2 i barnehagelova om innhaldet i barnehagen står det at barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd. Innhaldet i barnehagen skal vere allsidig, variert og tilpassa enkeltbarnet og barnegruppa. Barnehagen skal formidle verdiar og kultur, gi rom for eiga kulturskaping for barna og bidra til at alle barn får oppleve glede og meistring i eit sosialt og kulturelt fellesskap.
Barnehagen skal støtte nysgjerrigheita, kreativiteten og vitebegjæret til barn, og han skal gi utfordringar med utgangspunkt i interessene, kunnskapane og evnene til barnet. Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale forskjellar.
Barn i barnehage har rett til medverknad. I barnehagelova paragraf 3 står det følgjande om medverknaden til barn:
- Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for synet sitt på den daglege verksemda til barnehagen.
- Barn skal jamleg få moglegheit til aktiv deltaking i planlegging og vurdering av barnehageverksemda.
- Synspunktet til barnet skal tilleggjast vekt i samsvar med alderen og kor modent barnet er.
At medverknaden til barn er nedfelt i lovverket betyr at barnet skal sjåast som eit medmenneske og anerkjennast som eit handlande menneske. Barnehagen skal ta vare på retten barna har til medverknad ved å leggje til rette for at barna kan gi uttrykk for synet sitt på det som skjer i barnehagekvardagen. Barna skal jamleg få moglegheit til aktiv deltaking i planlegginga og vurderinga av barnehageverksemda.
Barnehagelova regulerer drift av barnehagane. Barnehageeigaren skal drive verksemda i samsvar med gjeldande lover og regelverk. Det er kommunen som har ansvar for å sjå til at den enkelte barnehagen blir driven i samsvar med lov og regelverk, og det er han som førar tilsyn med barnehagane. Kommunen har vidare ansvaret for å tilby plass til alle barn i kommunen som har rett til barnehageplass. Fylkeskommunen skal gi råd og rettleiing til kommunar og barnehageeigarar om barnehagelova med forskrifter. Kunnskapsdepartementet kan gi forskrifter som utfyller lova med detaljar. I tillegg kan dei utarbeide rundskriv eller rettleiing til forskrifter.
Barnehagelova regulerer krav til bemanning. Barnehagen skal ha ein styrar som er dagleg leiar. Barnehagen skal ha minst éin pedagogisk leiar per 7 barn når barna er under tre år og minst éin pedagogisk leiar per 14 barn når barna er over tre år. Pedagogisk leiar må ha utdanning som barnehagelærar.
Grunnbemanninga i barnehagen må vere tilstrekkeleg til at personalet kan drive ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd. Barnehagen skal ha minst éin tilsett per tre barn når barna er under tre år og éin tilsett per seks barn når barna er over tre år.
Barnehagelova gir reglar som handlar om barn med nedsett funksjonsevne og kva plikter dette medfører for barnehagen, mellom anna retten barna har til spesialpedagogisk hjelp.
Barnehagelova gir reglar for at den som blir fast eller mellombels tilsett, skal levere politiattest. Det er eit krav at politiattest blir lagt fram før den tilsette byrjar å jobbe. Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader. Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, er stengt ute frå fast eller mellombels tilsetjing i barnehagar.
Barnehagelova gir reglar for teieplikt etter reglane for krav om teieplikt i forvaltningslova paragraf 13 til paragraf 13 bokstav f. Barnehagelova gir reglar om opplysingsplikta personalet har til sosialtenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta og barnevernet.
Utfordringar til deg
- Kvifor er det naudsynt at du som barne- og ungdomsarbeidar kjenner til lovverket for arbeidsplassen din?
- Kva betyr det at barnehagen i samarbeid og forståing med heimen skal ta vare på behovet til barna for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling?
- Kva vil det seie for deg at det i barnehagelova står reglar om medverknaden til barn i barnehagen?
Kjelder
Barnehagelova. (2005). Lov om barnehager. (LOV-2005-06-17-64). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2005-06-17-64
Forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehager. (2017). Forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehager. (FOR-2017-06-22-1049). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2017-06-22-1049
Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. (2017). Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2017-04-24-487