Oppgåve
Bli kjend med opplæringslova
Opplæringslova er eit styringsdokument for å sikre god kvalitet på opplæringa i grunnskule, vidaregåande skule og opplæring i bedrift. Alle som er tilsette i skulen, må kjenne til innhaldet i lovverket og vite kva føringar det legg.
Alle samfunn treng lover som seier noko om kva rettar og plikter vi har. Lovene er til for å sikre at alle menneske skal ha det godt i livet sitt. Opplæringslova gjeld for alle barn og unge som høyrer til ein skule, SFO eller opplæringsbedrift.
Som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO må du kjenne til og forstå opplæringslova. Du skal vite kva lova seier, og du skal vite korleis du raskt kan innhente opplysingar om lover og forskrifter.
I denne oppgåva blir du kjend med noko av innhaldet i opplæringslova. For å kunne svare på spørsmåla bør du lese fagartikkelen om opplæringslova og sjølve lova (lenkjer nedst på sida).
- Kor mange kapittel består opplæringslova av?
- Kven gjeld opplæringslova for?
- Les kapittel 1 i lova. Skriv punkt om kva føremålet med opplæringslova er.
- Kva betyr det at elevar og lærlingar skal ha medansvar og rett til medverknad?
- I kva samanhengar kan du tenkje deg at det kan vere utfordrande å få til eit tett samarbeid med heimen?
- Kor lenge har elevar rett og plikt til opplæring?
- Kapittel 5 handlar om spesialundervisning. Du som barne- og ungdomsarbeidar skal ikkje ha ansvar for opplæringa, men du vil likevel få ansvar for å vere saman med barn med spesielle behov for å hjelpe og støtte dei. Kva er viktig for deg å vere klar over når lova seier: "Opplæringstilbodet skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet kan gi eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa i forhold til andre elevar [...]"?
- Kva betyding har opplæringa for barn av samisk opphav i og utanfor samiske distrikt?
- Kapittel 9 A vart endra i 2017. Kva handlar dette kapittelet om?
- Kva betyr nulltoleranse?
- Kva betyr det at skular har "Aktivitetsplikt for å sikre at elevar har eit trygt og godt psykososialt skulemiljø"?
- Kva står i § 9 A-6?
- Kapittel 10, § 10-9, handlar om politiattest. Forklar kva betyding det har for tilsetjingar i skular.
- Korleis forstår du § 10-11 "Personale som ikkje er tilsett i undervisningsstilling og som skal hjelpe til i opplæringa"?
Diskuter gjerne med medelevar. - § 13-7 handlar om skulefritidsordninga. Les igjennom teksten, og noter viktige punkt.
- Kapittel 15 handlar om opplysingsplikt. Sjå på § 15-3. Når har du opplysingsplikt til barnevernet?
- Sjå på § 15-1. I kva lov finn vi føresegnene om teieplikt?
- Forklar følgjande omgrep frå opplæringslova:
- samarbeid i forståing med heimen
- kristne og humanistiske verdiar
- kulturarv
- demokrati
- likestilling
- tenkje kritisk og handle etisk
- medverknad
- tillit
- danning
- diskriminering
Relatert innhald
Fagstoff
OpplæringslovaOpplæringslova handlar om kva rettar og plikter som er knytte til all opplæring og skulegang i Noreg.