Bli kjend med barnekonvensjonen
Som barne- og ungdomsarbeidar må du ha kunnskap om rettane til barn. FNs barnekonvensjon er ein internasjonal avtale som gir barn og unge under 18 år eit særskilt menneskerettsvern. Han gir barna dei same grunnleggjande rettane, uansett kven dei er og kvar dei bur. Av den grunnen er det svært viktig at du set deg godt inn i barnekonvensjonen.
På nettsida til barneombodet (sjå relaterte artiklar) finnar de ei rekkje tekstar om barnekonvensjonen.
- Gjer deg kjend med nokre av dei.
- Ta føre deg to av områda i barnekonvensjonen. Lag ein presentasjon av dei områda du har valt.
Alle land i verda, bortsett frå USA, har ratifisert barnekonvensjonen. Det er ein styrke at så mange land har sagt at dei vil følgje så mange reglar som har med rettane til barn å gjere. Samtidig blir barnekonvensjonen svekt av at fleire land har reservert seg mot delar av innhaldet. Gå inn på lenkja med oversikt over land som har reservert mot delar av barnekonvensjonen (lenkja ligg som relatert artikkel nedst på sida).
- Vel dykk 2–3 land og finn ut kva dei har reservert seg mot.
- Kva tenkjer de om at land kan reservere seg mot enkelte punkt? Set opp fordelar og ulemper ved å kunne reservere seg mot delar av barnekonvensjonen.
FN-sambandet. (2019, 17. juni). Barnekonvensjonen. https://www.fn.no/om-fn/avtaler/menneskerettigheter/barnekonvensjonen