Hopp til innhald
Oppgåve

Bli kjend med forskrift om helse og miljø

Ved å jobbe med desse oppgåvene knytte til forskrift om helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar blir du kjend med innhaldet i denne forskrifta.

I arbeidet ditt som barne- og ungdomsarbeidar må du kjenne til forskrift om helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar. Ho er laga for å gi barn eit godt fysisk miljø. Det er derfor viktig å setje seg inn kva denne forskrifta seier.

1. Spørsmål om forskrifta

  1. Formålet med forskrifta:

    1. Kva er formålet med forskrifta?

    2. I kva verksemder gjeld forskrifta?

  2. Det fysiske og psykiske miljøet:

    1. Forskrift om helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar regulerer det fysiske miljøet. Kva lover regulerer det psykososiale miljøet i barnehage, skule og skulefritidsordning?

    2. Kvifor må vi sjå det fysiske og det psykososiale miljøet i ein samanheng?

  3. Lokala:

    1. Korleis må lokala vere utforma?

    2. Kva er tilrådd innetemperatur?

    3. Kvifor skal barn og elevar vere verna mot støy?

  4. Mat og måltid:

    1. Korleis kan vi skape ro og god atmosfære under måltidet i barnehagar, skular og skulefritidsordningar?

    2. Kvifor må vi ha ro rundt måltidet, og kva er tilstrekkeleg tid til å ete i barnehagar og skular?

    3. Kvifor bør vaksne sitje ned og ete saman med barna?

  5. Uteområdet:

    1. Kva ulykker ser du for deg kan skje ute i barnehagar, skular og skulefritidsordningar? Korleis kan uteområdet sikrast for å unngå ulykker?

    2. Kvifor er det krav om universell utforming?

  6. Kva krav blir stilte til beredskap, førstehjelp og sikkerheitsutstyr?

  7. Forklar kva det betyr at verksemda har informasjonsplikt.

  8. Kva er internkontroll?

2. Intervju

Lag spørsmål til forskrifta om helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar. Intervju tilsette i barnehagar og skular for å finne ut korleis dei jobbar med dei ulike punkta i forskrifta.

Relatert innhald