Hopp til innhald
Fagartikkel

Rammeplan for SFO

I august 2021 tredde ny rammeplan for SFO i kraft. Det er ei forskrift til opplæringslova. Planen er forpliktande, noko som betyr at alle som arbeider i SFO, skal arbeide i tråd med rammeplanen. Målet med rammeplanen er å sørgje for at alle barn får eit godt SFO-tilbod, same kvar dei bur.

Rammeplan for SFO

Skulefritidsordninga (SFO) skal gi barna omsorg og tilsyn. Vi skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alderen, funksjonsnivået og interessene til barna. Det må vere ein variasjon i tilbodet som tek omsyn til at barn er ulike og har ulike interesser. Tilrettelegginga av aktivitetar skal vere slik at alle er inkluderte og kan delta likeverdig i leik, kultur og aktivitetar, òg barn med behov for særskild tilrettelegging.

Rammeplanen er eit forpliktande arbeidsverktøy for deg som jobbar i SFO, og han gir utfyllande føresegner om

  • verdigrunnlaget som skal formidlast og praktiserast i alle delar av arbeidet i SFO, og som skal prege innhaldet og arbeidsmåtane

  • innhaldet i SFO

  • ansvaret og arbeidsoppgåvene til personalet

  • samarbeid med føresette og ulike verksemder

  • planlegging, evaluering og refleksjon over innhald og arbeidsmåtar

Verdiar

SFO skal byggje arbeidet sitt på same verdigrunnlag som barnehage og skule. Du som jobbar i SFO, skal jobbe ut frå at barn er ulike, og det beste for barnet skal alltid vere grunnleggjande og avgjerande i arbeidet ditt. Du kan lese meir om dei grunnleggjande verdiane i artikkelen Verdiar i praksis (ndla.no).

I rammeplan går det fram at du som arbeider i SFO, skal
  • i samarbeid og forståing med heimen vareta behovet barna har for omsorg og tilsyn, og bidra til at barna opplever eigenverd

  • gi barna rik moglegheit for meiningsfull fritid og leik, og gi rom for rekreasjon og kvile

  • alltid ha det beste for barnet som eit grunnleggjande omsyn, og gi det avgjerande betyding

  • la barna få medverke, få uttale seg om forhold som handlar om dei, og vektleggje synspunkta til barna i samsvar med alder og modning

  • bidra til at barn opplever meistring og glede i leik og aktivitetar saman med andre

  • anerkjenne at leik er ein veremåte blant barn, og at leiken har eigenverdi

  • støtte lysta til barn til å leike og prioritere tid og rom for leik

  • støtte den naturlege nysgjerrigheita barna har til å utforske og lysta deira til å vere kreative og skape, slik at dei opplever meistring og glede

  • fremje inkludering og støtte utvikling av trygge og gode relasjonar og venskap

  • støtte kjenslene til barna både i medgang og motgang og hjelpe barna med å handtere utfordringar

  • respekterer og anerkjenne at barn er ulike og har ulike føresetnader, perspektiv og erfaringar

  • leggje til rette slik at alle barn får gode utviklingsvilkår uavhengig av føresetnadene og behova deira for tilrettelegging

  • bidra til at alle er ein del av ein inkluderande fellesskap, og oppmuntre til deltaking i fellesskapen

  • støtte barna i å inkludere andre sine perspektiv, handtere meiningsbrytingar, respektere usemje og finne felles løysingar

  • støtte barna i å utvikle naturglede og i å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen

  • oppmuntre barn til å reflektere og handle etisk og miljømedvite, vise solidaritet og ta gjennomtenkte val

Innhald

Rammeplanen gir føringar for innhaldet i SFO. Innhaldet i SFO skal vere helsefremjande. Det skal gi barna moglegheit for leik, kultur og fritidsaktivitetar tilpassa alderen og funksjonsnivået til barna. Interessene til barna skal varetakast. Vi skal leggje til rette for god samhandling mellom barna og mellom barna og dei vaksne.

SFO kan samarbeide med kulturskular, lokale lag, foreiningar og organisasjonar for å gjennomføre og organisere innhaldet og aktivitetane. SFO kan tilby tilrettelagt aktivitetar som støttar opp under innhaldet i skulen, men her skal det leggjast særleg vekt på leik barna vel sjølve og annan barnestyrt aktivitet.

Leik

I SFO skal barna ha tid og rom til leik kvar dag. Leik kan stimulere til venskap, relasjonsbygging, språkutvikling, undring og kreativitet. Leik bidreg til læring og allsidig utvikling. Dei tilsette i SFO skal skape gode leikemiljø som inspirer og engasjerer til leik. Personalet bør jamleg reflektere over kva leik er, og korleis vaksne kan leggje til rette og opptre for å ta vare på og styrkje leiken til barna.

Kultur

I SFO skal barn få delta i ulike kunstnariske og kulturelle aktivitetar, som musikk, dans, drama og annan skapande aktivitet. Vi skal leggje til rette for at barna får kjennskap til ulike måtar å uttrykkje seg på, og støtte barna i å skape eigne uttrykk. Dette arbeidet skal bidra til at mangfaldet i barnegruppa blir representert, og at barna òg møter samisk kultur.

Fysisk aktivitet og rørsleglede

I SFO skal vi leggje til rette for at barn får delta i variert rørsleleik og fysisk aktivitet som bidreg til aktivitetslyst og rørsleglede, og som stimulerer den motoriske utviklinga.

Vi skal vektleggje leik og medverknaden til barn ved organisering av fysisk aktivitet. Utemiljøet, naturen og nærmiljøet bør nyttast i leik, utforsking og fysisk aktivitet.

Mat og måltidsglede

Vi skal leggje til rette mat og måltid på SFO slik at barna utviklar matglede, fellesskapskjensle og gode helsevanar. Måltida bør vere prega av aktive og deltakande vaksne som bidreg til å skape gode samtalar. Dei vaksne skal hjelpe og støtte barn slik at alle får delta i samtalane og opplever å vere ein del av fellesskapen.

Når det blir servert mat av SFO, skal kostråda frå helsedirektoratet liggje til grunn. Det må vere gode rutinar for hygiene og avfallshandtering, og desse bør bli formidla til barna.

Inkluderande miljø

SFO skal skape eit inkluderande miljø, der alle har like moglegheiter til å delta i leik og aktivitetar ut frå føresetnadene sine, slik at barna opplever tilhøyrsel. Vaksne har ansvar for å skape ein inkluderande kultur på SFO og gi barn moglegheit til å medverke i fellesskapen. Vi skal respektere skilnader og vareta, anerkjenne og synleggjere mangfald. Vi skal observere leiken og aktivitetane til barna slik at vi kan vurdere om alle barn har høve til å delta. Med utgangspunkt i interessene til barna skal vi leggje til rette for at alle barna kan delta i leik og aktivitetar.

Samarbeid

Det beste for barnet skal liggje til grunn i alt samarbeid, med både føresette, skule og andre offentlege institusjonar. Det skal leggjast til rette for ein god dialog og samarbeid med føresette. Dei må få informasjon, slik at dei har høve til å medverke i utviklinga av kvaliteten på SFO.

Eit godt samarbeid med skulen sikrar gode overgangar mellom dei ulike arenaene. Når det er naudsynt, skal SFO samarbeide med skulen, heimen og andre for å gi det enkelte barnet eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.

Når barn byrjar på skulen, er det ein fordel at dei blir kjende med miljøet og personalet på SFO før skulestart. Personalet på SFO skal vere ekstra merksame og støtte barna den første tida, slik at dei opplever tryggleik og tilhøyrsel.

Planarbeid

Innhaldet og arbeidsmåtane på SFO skal planleggjast, og arbeidet skal evaluerast jamleg. Det gir moglegheit for utvikling og er eit grunnlag for refleksjon og vidareutvikling for personalet. All planlegging skal ta utgangspunkt i lokale forhold, og arbeidet skal vere basert på inkludering og medverknaden til barn.

Det skal bli utarbeida ein årsplan som bidreg til at rammeplanen blir realisert. Årsplanen er arbeidsreiskapen til personalet, og han gir informasjon til føresette og andre.

Utfordringar til deg

  1. Korleis vil rammeplanen for SFO påverke arbeidet ditt?

  2. Kva tenkjer du om det rammeplanen seier at vaksne på SFO skal gjere?

  3. Kva trur du rammeplanen for SFO vil bidra til for barna?

Relatert innhald

Kjelde

Kunnskapsdepartementet. (2021). Rammeplan for SFO. Forskrift om rammeplan for skolefritidsordningen. Utdanningsdirektoratet. https://www.udir.no/utdanningslopet/sfo/rammeplan/