Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2)
Felles programfag saman med:Kommunikasjon og samhandling (HS-BUA vg2)ogPedagogisk arbeid (HS-BUA vg2)
Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren
Ein barne- og ungdomsarbeidar skal alltid ha fokus på det beste for barn og unge og arbeide medvite for å oppnå dette i kvardagen. For å vere ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar må du vite kva krav og forventningar det er til yrket ditt, og kva ansvar du har.
Verdiar og yrkesetikk
Verdiar handlar om kva som er viktig for samfunnet og for menneska, og dei formar handlingane våre. Yrkesetikk handlar om at du som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar jobbar i tråd med verdiane og dei etiske retningslinjene på arbeidsplassen din.