Kafédialog om verdiar
Ved hjelp av dialog, perspektivtaking og samhandling kan de utvikle kritiske tenking slik at de saman kan skape betre forståing av eit tema. Sidan målet er at de skal utvide perspektivet dykkar ved å dra nytte av tankane til dei andre, er det viktig at de både bidreg sjølve med dykkar eiga forståing og lyttar til kva dei andre seier.
Øvinga tek mellom 45 og 60 minutt, og det er lurt å vere tre eller fire personar på kvar gruppe. De kan gjerne nytte øvinga som introduksjon eller som avslutning på eit tema.
Kafédialog er ein strukturert samtaleprosess for utforskande samtalar i grupper. De utforskar eit tema gjennom dialog og bruk av notat ved gruppebord som er omgjorde til små kafébord. Kvart bord har ein kafévert, mens andre gruppemedlemmer byter bord med jamne mellomrom. Når gruppene kjem til eit nytt bord, introduserer bordverten dei for hovudpunkta i samtalen i førre gruppe. Slik bidreg samtaleforma til at gruppene deler kunnskap og innsikt og dermed byggjer vidare på kunnskapen til kvarandre.
Læraren introduserer målet med kafédialogen og forklarer korleis øvinga skal gjennomførast.
Døme på viktige verdiar i arbeid med barn og unge
eigenverdi og menneskeverd
det beste for barnet
identitet, mangfald og fellesskap
demokrati, medverknad og ytringsfridom
skaparglede, engasjement og utforskartrong
berekraftig utvikling og respekt for naturen
toleranse, respekt og solidaritet
likestilling og likeverd
- Læraren deler klassen i grupper som set seg ved kvart sitt kafébord. Dersom de har tid og høve, er det fint med tilbod om kaffi, te og/eller saft og kjeks ved kvart av borda. Vel ein bordvert. På kvart bord er det eit stort ark til å skrive på.
- Saman med læraren vel de ein verdi som de skal jobbe med. Det er fint om de har noko forkunnskap om verdien. Verdien skal fremje interesse, opne nye moglegheiter, invitere til refleksjon og søken etter ny kunnskap.
- Gruppa utforskar ein verdi ved å lytte til tankane og synspunkta til kvarandre. Bordverten noterer alt på arket. Bruk mellom 10 og 15 minutt på dette.
- Gruppene går så til neste bord, mens bordverten blir sitjande igjen. Bordverten fortel den nye gruppa kva førre gruppe kom fram til (ved hjelp av stikkord og notat på bordet). Dei nye deltakarane ved bordet byggjer vidare på desse hovudpunkta, deler synspunkta sine og utvidar perspektivet ved eventuelt å leggje til nye moment. Bordverten skriv nye stikkord og punkt på arket (gjerne ved å nytte ein penn med ein annan farge).
- Gjenta denne prosessen til alle har besøkt alle borda.
- Oppsummering i fellesskap. Bordverten fortel, med støtte frå dei andre, kva dei har kome fram til om verdien. Læraren skriv det opp på tavla. Saman reflekterer de over det de har kome fram til.