Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva verdiar har du?

Å vere klar over dine eigne verdiar har betyding for arbeidet du gjer som barne- og ungdomsarbeidar. Verdiar er noko vi verdset, altså det som er viktig for oss. Verdiane dine påverkar både haldningane og handlingane dine.
Tre vener snakkar og ler saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver


  1. Kva verdiar har du som er viktige for deg? (Kva brenn du for? Kva er viktig for deg?)
  2. Korleis kjem verdiane dine til uttrykk i ulike situasjonar?
  3. Tenk på ein gong då ein person gjorde noko for deg som kjendest bra.
    • Beskriv bakgrunnen for situasjonen.
    • Kva gjorde personen? Korleis snakka vedkommande til deg? Korleis var kroppsspråket?
    • Korleis følte du deg?
    • Kvifor gav denne situasjonen deg ei god kjensle?
    • Kva eigenskapar har denne personen, som du meiner er viktige?
  4. Tenk gjennom fleire slike situasjonar, og reflekter rundt svara du får på spørsmåla.

    1. Kva verdiar ligg til grunn for svara dine?
    2. Utforsk om nokre av desse verdiane samsvarer med dei grunnleggjande verdiane ein bør ha når ein arbeider med barn.
CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2020

Læringsressursar

Verdiar i praksis