Hopp til innhald
Fagartikkel

Identitet og mangfald

Som barne- og ungdomsarbeidar møter du eit mangfald av individ som alle har unike evner og behov. I arbeidet ditt skal du bidra til å styrkje identiteten til barn og skape fellesskap der det er rom for alle, samtidig som du har blikk for kvar enkelt.

Eit mangfaldig samfunn

Vi lever i eit mangfaldig samfunn med ei samansett befolkning. Vi blir påverka av ulike straumdrag og kulturtradisjonar. Rammeplan for barnehagen og overordna del av læreplanverket beskriv korleis du som barne- og ungdomsarbeidar skal arbeide for identitet, mangfald og fellesskap.

Identitet

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du bidra til at barna får innsikt i historia og kulturen vår, slik at dei kjenner til dei verdiane og tradisjonane som har vore og er viktige i samfunnet vårt. På den måten får barna ei felles referanseramme som bidreg til å skape tilhøyrsel og samhald, og som forankrar identiteten til den enkelt i eit større fellesskap og historisk samanheng. Ein barne- og ungdomsarbeidar skal støtte utviklinga av identiteten til kvart enkelt barn, slik at barna blir trygge på sin eigen ståstad. Samtidig skal du formidle verdiar dei treng for å møte og delta i mangfaldet, og som opnar dører mot verda og framtida.

Mangfald og fellesskap

Barn i barnehage og skule/SFO utgjer eit mangfald av unike individ med ulike evner og behov. Mangfaldet skal nyttast som ein ressurs i det pedagogiske arbeidet. Du må arbeide for å synleggjere, verdsetje og fremje mangfald og gjensidig respekt. På den måten vil barna oppleve at det finst mange måtar å tenkje, handle og leve på.

Når du jobbar med mangfald, skal du òg vise fram samisk kultur og bidra til at barna utviklar respekt og fellesskapskjensle for det samiske mangfaldet og variasjon innanfor samisk kultur og samfunnsliv. Du skal òg arbeide for å synleggjere eit mangfald i familieformer og sørgje for at alle barn får familien sin spegla i det miljøet dei er i. Her vil det til dømes vere viktig å vise fram og verdsetje at ein familie kan vere mykje ulikt. Ein familie kan bestå av til dømes mor, far og barn, mor og barn, far og barn, to mødrer eller to fedrar og barn og så vidare. Butilhøva er òg ulike, og som barne- og ungdomsarbeidar skal du bidra til at alle opplever måten sin å bu på som verdifull.

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du òg vise variasjonar i verdiar, religion og livssyn. Det handlar mellom anna om å trekkje fram andre høgtider og tradisjonar enn dei kristne. På den måten kan barn frå andre kulturar og med andre religionar erfare at kulturen og tradisjonen deira er verdifull, og dessutan at dei er viktige for fellesskapet.

Å leggje til rette for eit mangfald av barn føreset evne til å støtte, styrkje og følgje opp barna ut frå dei individuelle føresetnadene deira. Som profesjonell yrkesutøvar må du vise korleis alle kan lære av kvarandre. Gjennom å fremje nysgjerrigheita og undringa til barna over likskapar og forskjellar kan du bidra til at barna anerkjenner forskjellar som viktig for eit fellesskap.

I barnehage og skule/SFO skal vi leggje til rette for kulturmøte som byr på varierte impulsar, opplevingar og erfaringar. Barna skal møte ulike kunstuttrykk og tradisjonar frå både lokale, nasjonale og internasjonale perspektiv. Det skal vere rom for eiga kulturskaping for barna slik at alle får oppleve glede og meistring i sosiale og kulturelle fellesskap. Dette vil òg bidra til å forme den enkelte sin identitet.

Utfordringar til deg


  1. Korleis kan du bruke mangfaldet som ein ressurs i arbeidet som barne- og ungdomsarbeidar?
  2. Korleis kan du jobbe for å støtte den enkelte i fellesskapet?
  3. Korleis kan du jobbe for at barna blir kjende med sin eigen kultur og tradisjonar?
Kjelder

Kunnskapsdepartementet. (2017a). Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. https://www.regjeringen.no/contentassets/53d21ea2bc3a4202b86b83cfe82da93e/overordnet-del---verdier-og-prinsipper-for-grunnopplaringen.PDF

Kunnskapsdepartementet. (2017b). Rammeplan for barnehagen: Forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver. Utdanningsdirektoratet. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan-for-barnehagen/

Relatert innhald