Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Yrkesetiske val

Kvar dag vil du som barne- og ungdomsarbeidar spontant handtere små og store situasjonar i møte med barn, unge, foreldre og kollegaer. Du tek val på vegner av barn og unge, og du nyttar det profesjonelle skjønnet ditt til å handle i ein faktisk situasjon.
Vi ser barn som står oppstilte på første skoledag med vaksne bak seg. Vi ser ikkje hovuda til personane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du må vere både medvite og reflektert i rolla di som barne- og ungdomsarbeidar. Dei etiske vala du tek, kjem an på situasjonen du er i, og etiske retningslinjer er eit nyttig verktøy for å sikre det beste for barnet.

Under utbrotet av covid-19 i 2020 vart barnehagar, skular og SFO bedne om å gjere diverse tiltak for å hindre smittespreiing. Mellom anna vart det innført reglar om at føresette ikkje fekk kome inn og levere eller hente barna sine i dei ulike institusjonane. Dette hadde mellom anna stor betyding for førsteklassingane ved skulestart hausten 2020. Føresette fekk ikkje lov til å vere med inn i klasserommet, men måtte vente utanfor skulen.

Oppgåver

  1. Du jobbar som barne- og ungdomsarbeidar på skulen. På første skuledag er det eit av barna som ikkje vil gå frå dei føresette når dei skal inn i klasserommet. Føresette har fått beskjed om at dei dessverre ikkje kan bli med inn.
    1. Kva kan du som barne- og ungdomsarbeidar gjere?
    2. Korleis vil du gjere det?
    3. Kvifor vil du gjere det slik?
    4. Kva konsekvensar kan handlingane dine få? Diskuter gjerne i grupper.
  2. Du jobbar som barne- og ungdomsarbeidar i ein barnehage. Då barnehagen vart gjenopna våren 2020, vart barna fordelte i kohortar. Det betydde at barn og vaksne vart delte i faste, mindre grupper som berre skulle vere saman med kvarandre for å hindre covid-smitte. Desse gruppene vart av mellom anna Utdanningsdirektoratet kalla kohortar. Søskenpar og nære vener vart plasserte i same kohort så langt det gjekk. I barnehagen din blir eit søskenpar plassert i ein kohort der eit av barna ikkje trivst og føler seg einsam.

    1. Kva kan du som barne- og ungdomsarbeidar gjere?
    2. Korleis vil du gjere det?
    3. Kvifor vil du gjere det slik?
    4. Kva konsekvensar kan handlingane dine få? Diskuter gjerne i grupper.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2020

Læringsressursar

Verdiar i praksis