Hopp til innhald
Fagartikkel

Berekraftig utvikling og respekt for naturen

Berekraftig utvikling og respekt for naturen er viktig for livet vårt i dag og i framtida. Som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar må du reflektere over korleis du i arbeidet ditt fremjar haldningar som bidreg til eit berekraftig samfunn.

Vår felles framtid

Vi er ein del av naturen og har ansvar for å forvalte han på ein forsvarleg måte. I FNs verdskommisjon for miljø og rapporten frå utvikling Vår felles framtid (1987) vart omgrepet berekraftig utvikling første gong nemnt. Berekraftig utvikling er ei utvikling som tilfredsstiller dagens behov utan å øydeleggje moglegheitene framtidige generasjonar har til å tilfredsstille behova sine.

Berekraftig utvikling

For å oppnå ei berekraftig utvikling må vi alle jobbe medvite på tre område: natur, økonomi og sosiale forhold. Det forpliktar heile institusjonen til å arbeide med desse tre områda. Ein barnehage eller skule må drivast slik at han støttar ei berekraftig utvikling. Vår felles framtid avheng av at vi tek vare på kloden og handterer utfordringane både i dag og i morgon. Dette gjeld frå den øvste leiinga og ned til individnivå.

Alle må ta ansvar

Alle må ta del i dette arbeidet. Det betyr at barna må lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Barna skal få naturopplevingar og bli kjende med mangfaldet i naturen. Dei skal oppleve tilhøyrsel med naturen og sjå han som ei kjelde til nytte, glede, helse og læring. Arbeidet med barna skal føre til at dei utviklar både kunnskap om og respekt for naturen. Det vil bidra til at barna forstår at handlingane i dag har konsekvensar for framtida, slik at dei utviklar vilje til å ta vare på miljøet.

Verdiar og haldningar

Ei viktig oppgåve for deg som barne- og ungdomsarbeidar er å fremje verdiar, haldningar og praksis som støttar eit berekraftig samfunn. Ved å leggje til rette for mangfaldige naturopplevingar og å bruke naturen som arena for leik, undring og utforsking kan du bidra til at barna får gode opplevingar og blir glade i naturen. I tillegg vil det bidra til at barna får viktige erfaringar i naturen, og dei utviklar evne til å orientere seg og opphalde seg i naturen til ulike årstider.

Ein måte å oppnå dette på er å bruke engasjementet til barna for naturen, lytte til innspela frå barna og utforske saman med dei. Det er viktig å gi barna tid til å stille spørsmål, reflektere og lage eigne forklaringar på problemstillingar og å delta i samtalar om det dei har opplevd. Her har du òg høve til å lære barn fakta om naturen og naturfenomen. Det kan vere fokus på objektive fakta for å få barn til å gjere det som er "riktig". Til dømes å ikkje kaste søppel i naturen, men ta det med heim og kaste det i riktig søppelbehaldar.

Aktivitetane i naturen kan bidra til at barna får ei forståing for særprega ved naturen og dermed òg ein vilje til å verne om naturressursane og det biologiske mangfaldet og bidra til berekraftig utvikling.

Utfordringar til deg


  1. Kva legg du i omgrepet berekraftig utvikling?
  2. Korleis tenkjer du at vi kan jobbe med berekraftig utvikling med barn?
  3. Korleis kan du bidra til at barn blir kjende med mangfaldet i naturen og opplever tilhøyrsel til naturen?
Kjelder

Kunnskapsdepartementet. (2017a). Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Henta frå https://www.regjeringen.no/contentassets/53d21ea2bc3a4202b86b83cfe82da93e/overordnet-del---verdier-og-prinsipper-for-grunnopplaringen.PDF

Kunnskapsdepartementet. (2017b). Rammeplan for barnehagen: Forskrift om rammeplan barnehagens innhold og oppgaver. Henta frå https://www.udir.no/globalassets/filer/barnehage/rammeplan/rammeplan-for-barnehagen-bokmal2017.PDF