Hopp til innhald
Oppgåve

Verdiar i arbeid med barn og unge

Barnehagelova og opplæringslova seier at arbeidet i barnehagen og skulen/SFO skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon og verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn, og som er forankra i menneskerettane.

Verdiar i arbeid med barn og unge

Vi har alle verdiar som dannar grunnlaget for handlingane våre og deltakinga vår i samfunnet. Som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar er du forplikta til å arbeide etter dei verdiane som gjeld for arbeidsplassen din. Du må derfor kjenne til og ha ei medviten haldning til dei verdiane som gjeld for verksemda du arbeider i.

Arbeid i både barnehage og skule/SFO skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, som

  • respekt for menneskeverdet og naturen
  • åndsfridom
  • nestekjærleik
  • tilgiving
  • likeverd og solidaritet

I tillegg skal det byggje på verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn, og som er forankra i menneskerettane.

Desse verdiane er grunnmuren i arbeidet ditt som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar. Dei skal prege alt arbeidet du gjer i møte med barn og foreldre og føresette.

I denne oppgåva skal du prøve å finne ut meir om kva desse verdiane er, og kva dei inneber for arbeidet ditt. Bruk rammeplanen for barnehagen og overordna del av læreplanen til dette arbeidet. Der finn du verdigrunnlaget til barnehagen og opplæringa (lenkjer ligg nedst på sida).

Oppgåver

  1. Lag ei liste over dei grunnleggjande verdiane i arbeid med barn og unge.
  2. Vel deg to eller fleire verdiar og beskriv korleis desse verdiane kan bli formidla, praktiserte og opplevde i arbeidet med barn.
  3. Gå saman i ei gruppe og del det de har skrive på oppgåve 2. Diskuter om det er fleire måtar å formidle, praktisere og oppleve desse verdiane på.
  4. Lag ein plakat med bilete som illustrerer innhaldet i dei grunnleggjande verdiane i arbeid med barn.

Relatert innhald