Hopp til innhald

Fagstoff

Etikk i arbeidet med barn og unge

Etikk i arbeid med barn og unge handlar om at du som barne- og ungdomsarbeidar må vurdere kva som blir rett og gale i arbeidet du gjer. Etisk medvit handlar om å vege ulike omsyn mot kvarandre og er naudsynt for å vere eit reflektert og ansvarleg menneske.
Jente står ute i regnvêr og kikar på personar som går lenger framfor ho. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etisk refleksjon

Barne- og ungdomsarbeidaryrket er eit praktisk yrke der du nyttar den praktisk-teoretiske kunnskapen din i yrkesutøvinga. Denne kunnskapen vil saman med lovverket og dei verdiane som gjeld for arbeidsplassen din, vere utgangspunktet når du skal reflektere og vurdere arbeidet du gjer.

Etisk refleksjon er ei vurdering av kva som er riktig å gjere i ein konkret situasjon. Det inneber å tenkje gjennom sjølve valet i situasjonen og dei verdiane som ligg til grunn for vala vi tek. Etisk refleksjon er vurderingane du gjer av haldningane og handlingane dine og av i kva grad åtferda di fremjar eller forsømer viktige verdiar.

Etisk problem

I arbeidet med barn og unge oppstår det etiske utfordringar heile tida. Eit etisk problem er når vi står i ein situasjon der det ikkje er heilt klart for oss kva som er riktig å gjere. Det kan til dømes vere i møte med eit barn som ikkje får delta i leik med andre. Dei andre barna ønskjer ikkje at barnet skal delta i leiken. Du som barne- og ungdomsarbeidar må då vurdere korleis du kan hjelpe og støtte barnet som ikkje får delta i leiken, samtidig som du skal vise respekt for ønska til dei andre barna. I denne situasjonen er det ikkje gitt kva som er riktig å gjere.

På den eine sida handlar det om verdien av at alle barn bør få oppleve å vere ein del av eit fellesskap. Å få delta i leik er viktig for å utvikle evne til samhandling og å få vener. Venskap bidreg til livsglede. På den andre sida handlar det om å ta barn på alvor og vise respekt for ønska deira. Barn har rett til medbestemming i kvardagen sin, og dei vaksne må ta valet til barna på alvor.

I denne situasjonen må du vurdere kva verdiar eller omsyn som skal telje mest. Etter at du har valt ein måte å gjere det på, må du reflektere over det du gjorde. Korleis verka det du gjorde, på det barnet som ikkje fekk delta i leiken? Korleis verka det for dei andre barna som ikkje ønskte at barnet skulle vere med? Kva verdiar la du mest vekt på i denne situasjonen? Ved å reflekter slik kan du sjå om du handlar i tråd med dei grunnleggjande verdiane. Vidare ser du kva verdiar du verdset mest i arbeidet ditt i denne situasjonen.

I ein slik situasjon er det òg viktig at du reflekterer over den makta som kan liggje i rolla som vaksen og som barne- og ungdomsarbeidar. Det er eit stort ansvar.

Evne til refleksjon og etisk medvit

For å utvikle di eiga evne til refleksjon er det viktig å reflektere saman med andre tilsette på arbeidsplassen. På den måten vil de oppdage at det finst fleire måtar å sjå noko på og ulike moglegheiter å løyse ein situasjon på. Denne refleksjonen vil òg bidra til at de ser om måten de handlar på, er i samsvar med lovverket og verdiane som gjeld for arbeidsplassen.

Det blir forventa av ein profesjonell yrkesutøvar at du tek ansvar og gjer etiske refleksjonar i og over eige arbeid med barn og unge. På den måten vil òg den praktisk-teoretiske kunnskapen din utviklast og du blir meir medviten yrkesrolla di. Du utviklar òg den etiske forståinga di for kva som er rett å gjere.

Utfordringar til deg

  1. Kva betyr etikk?
  2. Kva betyr etisk refleksjon?
  3. Tenk på ein situasjon du har vore i, der det ikkje var heilt klart kva som var rett å gjere. Kva gjorde du? Kva verknad fekk det du gjorde, for dei som var i situasjonen? Kva haldningar og verdiar meiner du var avgjerande for det valet du tok?

Kilde

Lingås, L.G. (2019). Etikk for pedagoger (3. utg.). Gyldendal Norsk forlag.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 06.10.2020

Læringsressursar

Verdiar i praksis