Hopp til innhald
Fagartikkel

Kritisk tenking og etisk medvit

Ifølge rammeplanen for barnehagen og overordna del av Kunnskapsløftet 2020 skal alle tilsette bidra til at barn og unge blir nysgjerrige og stiller spørsmål, utviklar kritisk tenking og handlar med etisk medvit.

Kva er kritisk tenking?

Opphavet til ordet kritisk finn vi i det greske ordet krinein, som betyr "å skjelne". Kritisk tenking handlar om at barn og unge får øve på å nytte fornufta på ein sjølvstendig og undersøkande måte slik at dei betre kan ta stilling til og vurdere dei vala dei tek i livet.

Det er viktig å understreke at kritisk tenking ikkje handlar om det vi i daglegtale kallar kritikk. Kritisk tenking dreier seg ikkje om å angripe nokon eller noko, men å undersøke korleis ting heng saman.

Korleis fremme kritisk tenking?

For å kunne tenke kritisk treng vi ulike perspektiv, og vi må øve på å sjå ting frå ulike synsvinklar. Barn og unge lærer kritisk tenking mellom anna ved å observere fenomen, skaffe informasjon frå ulike kjelder, stille seg spørsmål om kvifor, ha eit ope sinn, vere merksame på kjenslene til andre og å sjå ulike moglegheiter.

Vi seier at kritisk tenking blir utvikla i samspel med andre. Ved å lytte, stille spørsmål, diskutere og reflektere saman utviklar vi den kritiske tenkinga. Barn og unge treng derfor kloke barne- og ungdomsarbeidarar som kan undre seg saman med dei, stille spørsmål og opptre som ein samtalepartnar i staden for ein som kjem med eit svar. Det krev at vi har evne til kreativ tenking og kan trekke slutningar, komme med nye spørsmål og tenke på ulike måtar.

Kvifor er kritisk tenking viktig?

Kritisk tenking er viktig både for di eiga utvikling (sjølvrefleksjon), for utviklinga mellom deg og andre (samspelet) og for samfunnet.

Som menneske er det viktig at vi ikkje framstiller oss sjølve som feilfrie. Eit kritisk lys på eiga tenking er viktig for eiga utvikling og vekst. Kritisk tenking er å innsjå at eige synsfelt kan vere avgrensa. Derfor må vi ha ei innstilling om at vi kan ta feil, og søke etter alternativ.

Når vi klarer å utforske vår eiga tenking, kan vi lettare forstå at andre tenker annleis. Gjennom kommunikasjon, utfordring og motstand blir den kritiske tenkinga vår utvikla. Vi blir kjende med korleis andre tenker, og vi kan seie at dei andre bidreg til å utvikle kunnskapen, haldningane og evnene våre.

Samfunnet, både nasjonalt og globalt, treng menneske som tenker kritisk. Kritisk tenking er naudsynt for utvikling og kvalitet av den demokratiske fellesskapen vår. Eit land med kritiske og opplyste menneske er prega av open meiningsutveksling og menneske som ser situasjonar frå ulike perspektiv.

Kritisk tenking og etisk medvit

Kritisk tenking handlar om ei brei evneutvikling hos kvart enkelt menneske. Det må prege alt arbeid med barn og unge – den kommande generasjonen. Når den kritiske tenkinga vår blir utfordra, aukar det etiske medvitet vårt. Etisk medvit handlar om å balansere ulike omsyn slik at du betre kan ta avgjerder og vurdere dei vala du tek i livet ditt. Du blir betre til å gjere det som er riktig for samfunnet, dei rundt deg og deg sjølv.

Kritisk tenking hos barne- og ungdomsarbeidaren

Som barne- og ungdomsarbeidar må du lære opp barn og unge til å utvikle evnene sine til å gjere etiske vurderingar. Du skal hjelpe dei med å vere klar over etiske spørsmål. Kritisk tenking føreset nysgjerrigheit og openheit for at ein kan ta feil og mot til å tenke nytt. Lærer du deg å tenke kritisk, er du òg i stand til å vurdere informasjon som du møter både på skulen og i fritida, til dømes i sosiale medium, i politiske debattar eller i marknadsføring.

Ut frå dette vil du kunne gjere betre faglege vurderingar i møte med barn og unge. I tillegg kan du bli betre til å møte barn og unge med undring og refleksjon. Barn og unge treng ikkje vaksne som kjem med fasitsvar, dei treng vaksne som er villige til å undre seg saman med dei. Nokre spørsmål du kan stille til deg sjølv:

  • Kor flink er eg til å undre meg saman med barn og unge?
  • Oppmuntrar eg barn og unge til å vere nysgjerrige? Korleis?
  • Når barn og unge spør meg om ting, er eg då god til å finne alternative tankar eller forklaringar?
  • Kven har interesse av å påverke meiningane mine i ulike saker, og kvifor ønsker dei det?
  • Kor god er eg til å lytte til meiningane til andre?
  • Oppmuntrar eg barn og unge til å lytte til kvarandre?
  • Er eg flink til å søke informasjon?
Video: Odd Magne Myre / CC BY-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er kritisk tenking viktig å utvikle hos barn og unge?
  2. Lag ei liste over situasjonar eller tema som du tenker kan vere naturlege område der du og barn/unge kan tenke høgt saman og stille kritiske spørsmål.

Kjelder

Andersen, I. S. (u.å.) Kritisk tenkning. Dembra. Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme. https://dembra.no/no/utema/demokrati-medborgerskap-kritisk-tenkning/?fane=om-temaet&trekk=6

Jegstad, K., Jøsok, E., Ryen, E. & Sandvik, M. (2019, 2. august). Kritisk tenkning i klasserommet. Utdanningsnytt. https://www.utdanningsnytt.no/fagartikkel-fagfornyelse-laereplaner/kritisk-tenkning-i-klasserommet/207602

Utdanningsdirektoratet. (2020). Kritisk tenkning og etisk bevissthet. https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/opplaringens-verdigrunnlag/1.3-kritisk-tenkning-og-etisk-bevissthet/?lang=nob