Hopp til innhald
Fagartikkel

Demokrati og medverknad

For å leve saman i eit mangfaldig og demokratisk samfunn er det naudsynt å utvikle respekt og positive haldningar til kvarandre. Det å vere ein del av fellesskapet og oppleve å ha medverknad bidreg til demokratisk forståing.

Demokrati og medverknad

Både rammeplanen for barnehagen og overordna del av læreplanen seier at barn i barnehage og skule/SFO skal få moglegheit til å medverke og erfare i fellesskap. På den måten kan dei utvikle forståing av kva demokrati er. Gjennom aktiv deltaking i fellesskapen får barna moglegheit til å forstå samfunnet og den verda dei er ein del av, betre.

Barnehagen og skulen/SFO skal fremme demokrati og vere ein inkluderande fellesskap der alle får høve til å ytre seg, bli høyrt og delta. Alle barn skal få oppleve demokratisk deltaking ved å bidra til innhaldet i barnehagen og skulen/SFO, uavhengig av dei språklege evnene sine. Samiske barn skal få moglegheit til å medverke på sitt eige språk.

Respekt for ulike meiningar

Ulike meiningar og perspektiv skal få komme til uttrykk og vere utgangspunkt for utviklinga av barnehagen og skulen/SFO som demokratisk fellesskap. Som barne- og ungdomsarbeidar må du jobbe for å skape respekt for at menneske er ulike og har ulike meiningar.

Dialog og medverknad

Dialogen mellom vaksne og barn og mellom barnehage/skule/SFO og heimen må vere basert på gjensidig respekt. Barna skal erfare at dei blir lytta til, at dei har ein reell innverknad, og at dei kan påverke det som gjeld dei. Når stemma til barna blir høyrd, opplever dei både at dei kan ta eigne val, og at dei blir respekterte. Det er ei erfaring som har verdi her og no, og som bidreg til å førebu barna på å bli ansvarlege samfunnsborgarar.

Utfordringar til deg


  1. Korleis vil du jobbe for å fremme demokrati?
  2. Korleis vil du jobbe for ein inkluderande fellesskap der alle får høve til å ytre seg, bli høyrde og delta?
  3. Korleis kan du jobbe for at dei ulike meiningane og perspektiva til barna kjem til uttrykk?
Kjelder

Kunnskapsdepartementet. (2017a). Overordnet del – verdier og prinsipper
for grunnopplæringen
. https://www.regjeringen.no/contentassets/53d21ea2bc3a4202b86b83cfe82da93e/overordnet-del---verdier-og-prinsipper-for-grunnopplaringen.PDF

Kunnskapsdepartementet. (2017b). Rammeplan for barnehagen: Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan-for-barnehagen/