Egenverdi og menneskeverd
Barn og barndommen har ein eigenverdi. Det betyr at barnet må bli forstått som eit subjekt, eit sjølvstendig individ, som er aktivt og påverkar omgivnadene sine. Vi må sjå barnet som eit fullverdig menneske her og no, med eigne meiningar, kjensler og moglegheiter. Barndommen er like verdifull som andre fasar i livet. Det som skjer i dag, er viktig og har betyding for livet til barnet seinare. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du bidra til at alle barn får ein god barndom prega av trivsel, vennskap og leik.
Som barne- og ungdomsarbeidar skal du òg gi rom for dei ulike føresetnadene, perspektiva og erfaringane til barna. Du skal bidra til at barna, i fellesskap med andre, utviklar eit positivt forhold til seg sjølv og tru på eigne evner. Det er viktig at du møter barna med empati og gir dei moglegheit til å vidareutvikle sin eigen empati og evne til tilgiving. Du som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar må møte behova barnet har, for omsorg, tryggleik, tilhøyrsel og heider i alle dagens situasjonar. Du må òg arbeide for at alle barn får ta del i fellesskapet.
Du må arbeide ut frå at alle menneske er like mykje verd, uansett kven dei er, kvar dei kjem frå, og kven dei er. Barn skal bli tekne på alvor, slik at dei kan tenkje, tru og ytre seg fritt. Du skal bidra til at alle barn føler seg sette og verdsette for den dei er. Du må bidra til å synleggjere den enkelte sin plass og verdi i fellesskapet. Når du viser omsorg for barna og ser kvar enkelt, anerkjenner du òg menneskeverdet som ein grunnleggjande verdi.
Alle menneske er ulike, dei er sårbare og kan gjere feil. I arbeidet ditt er det naudsynt at du viser evne til tilgiving, nestekjærleik og solidaritet slik at barnet kan vekse og utvikle seg.
Gjennom å synleggjere og verdsetje mangfald bidreg du til at barna opplever at det er mange måtar å tenkje, handle og leve på. På den måten vil du òg bidra til at barna sjølv lærer å ta vare på menneskeverdet og reflektere over korleis dei kan forhindre at dei blir krenkte.
Likeverd og likestilling er verdiar som står sentralt i oppvekstsektoren. Alle barn skal behandlast likeverdig og få like moglegheiter slik at dei kan ta sjølvstendige val. Barna skal oppleve tilhøyrsel og vere aksepterte i fellesskapet. Ingen skal stå utanfor eller oppleve diskriminering. Vi kan alle oppleve at vi skil oss ut og kjenner oss annleis, og som barne- og ungdomsarbeidar må du arbeide for at forskjellar blir anerkjende og verdsette.
Likeverd inneber at alle skal ha like moglegheiter til å bli sette, høyrte og oppmuntra til å delta i fellesskap i alle aktivitetar. Som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar må du reflektere over dine eigne haldningar slik at du best mogleg kan formidle og fremje likeverd og likestilling.
Utfordringar til deg
- Kva legg du i barndommen sin eigenverdi, og korleis kan du vise at du anerkjenner han?
- Korleis kan du vise at du anerkjenner menneskeverd?
- Kva inneber det at alle skal ha like moglegheiter?