Hopp til innhald

Fagstoff

Den etiske medvitne barne- og ungdomsarbeidaren

Når du jobbar med barn og unge, må du vere medviten på handlingane dine. Då er det viktig at du veit kva for etiske retningslinjer som gjeld i yrket. Desse retningslinjene er ei rettesnor for korleis du er i møte med barn og unge.
Ei vekt i likevekt med eit grønt hjarte på den eine vektskåla og pengar på den andre. Illustrasjon.

I Vg1 lærte du at etikk er læra om kva som er rett og gale. Vi kan utdjupe det ved å leggje til at etikk òg handlar om moral. Etikken, eller morallæra, set normer og prinsipp for riktig handling. Vi kan seie at moral beskriv normer, verdiar og konkrete handlingsval, medan etikk handlar om refleksjon over moral.

Vi kan ikkje gjere som vi vil

I arbeidet med barn og unge gjer du mange ulike handlingar i løpet av ein dag. Du handlar med tanke på å oppnå noko riktig for barnet ut frå kva du tenkjer er rett i den gitte situasjonen. Som barne- og ungdomsarbeidar må handlingane dine henge saman med lover og forskrifter knytte til arbeidsplassen. Du kan ikkje berre gjere det du synest eller trur er riktig. Jobbar du i barnehagen, må du følgje barnehagelova og rammeplanen. Viss du jobbar i skulen/SFO, følgjer du opplæringslova, og dessutan overordna del og prinsipp for opplæring som vi finn i Kunnskapsløftet 2020.

Yrkesetiske retningslinjer

For å sikre at dei tilsette i ei bedrift jobbar mot eit felles mål, blir det utarbeidd etiske retningslinjer. Dei kan bli utarbeidde av kvar enkelt bedrift, fagforeiningar, kommunar, fylkeskommunar eller av staten. I Noreg blir etiske retningslinjer nytta som eit arbeidsverktøy for dei tilsette. Dette gjer ein for å sikre at kvar enkelt bedrift og dei tilsette har ei felles forståing for kva som er etisk riktig.

For barne- og ungdomsarbeidarar byggjer yrkesetiske retningslinjer på barnekonvensjonen, lover og forskrifter knytte til yrket og arbeidsplassen med dei skrivne og uskrivne reglane sine. Fagorganisasjonen Delta har utarbeidd etiske retningslinjer for å bevisstgjere alle som jobbar med barn og unge, om ansvar og riktige handlingar.

Retningslinjene beskriv kva som blir lagt i dei ulike verdiane. Her finn du kva kvar enkelt som jobbar med barn og unge, skal vere klar over, og kva ein skal samarbeide med kollegaer om. Delta kjem med klar melding til alle medlemmene sine om å forplikte seg til og å følgje retningslinjene.

Kvifor er etikk så viktig?

Som barne- og ungdomsarbeidar har du eit ansvar overfor barna, føresette, andre tilsette og samfunnet. Alt du gjer i jobben din, påverkar barnet eller den unge, føresette, kollegaene dine og synet på barne- og ungdomsarbeidaren i samfunnet. Sidan du er forplikta til og ansvarleg for oppgåvene til arbeidsstaden i samfunnet, må du ta val som er i samsvar med samfunnsansvaret ditt. Det vil seie at dersom du jobbar i ein klubb med ungdommar, har samfunnet ei rekkje forventningar til arbeidet ditt. Klubben er avhengig av at dei får eit godt omdømme. Det bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø som gir auka trivsel for dei tilsette. Trivselen til dei tilsette påverkar igjen ungdommane. Når ungdommane har tillit til klubben, aukar òg tilliten frå dei føresette, og dette kan påverke synet samfunnet rundt har på klubben.

Kvar dag vil du som barne- og ungdomsarbeidar spontant måtte handtere små og store situasjonar i møte med barn, unge, foreldre og kollegaer. Du tek val på vegner av barn og unge der du nyttar det profesjonelle skjønnet ditt i ein faktisk situasjon. Ut frå dette vil du handle. Då er det viktig at du er medviten og reflektert over rolla di. Dei etiske vala du tek, avheng av situasjonen du er i, og etiske retningslinjer er eit nyttig verktøy for å sikre det beste for barna.

Utfordringar til deg

  1. Beskriv med eigne ord kva yrkesetiske retningslinjer er.
  2. Gå saman i små grupper og lag etiske retningslinjer for klassen dykkar. Bruk gjerne dei yrkesetiske retningslinjene som inspirasjon.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 28.09.2020

Læringsressursar

Verdiar i praksis