Skaparglede, engasjement og utforskartrong
Å skape noko nytt som verda ikkje har sett før, kan vere så mykje. Den teikninga du teikna, oppgåva du skreiv, dansen du utførte, songen du laga og song. For å skape må barnet få moglegheit til å utforske, vere kreativ, tenkje nytt og prøve ut ulike måtar å gjere det på.
Barn er nysgjerrige og ønskjer å utforske og skape. I kvardagen deira må det derfor vere mange og rikje moglegheiter til å utforske, eksperimentere og oppdage noko nytt. Vi må vere opne for spørsmåla og undringa deira.
For å skape noko må ein vere aktiv og deltakande. Det krev engasjement, men fantasi og kreativitet er òg viktig for å opne for nye idear, moglegheiter og løysingar. Når barn får delta i ulike praktiske prosessar, kan dei eksperimentere og utforske. Dei prøver og feilar, og dei kan tenkje og kanskje prøve på nytt for å finne nye løysingar. Det er i slike praktiske prosessar at ny kunnskap oppstår. Slik kunnskap er det ikkje mogleg å drive fram på andre måtar enn nettopp ved at barna deltek og tileignar han seg sjølv.
Gjennom skapande aktivitet utviklar barna evna til å uttrykkje seg på fleire ulike måtar. Dei lærer ved å stille spørsmål, undre seg og prøve ut ulike måtar å løyse problem på. Dette kan igjen gi grobotn for nye spørsmål.
Kunst- og kulturuttrykk gir oss mange opplevingar og har ein eigenverdi. Dette har betyding for den personlege utviklinga til den enkelte, samtidig som det påverkar både dei fysiske omgivnadene våre og samfunnsutviklinga. Barn må få oppleve eit variert spekter av kulturuttrykk i løpet av oppveksten.
Korleis leggje til rette for skaparglede?
Som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar må du leggje til rette for at barn får vere nysgjerrige, utforske og delta i skapande prosessar. Du må verdsetje og stimulere vitebegjæret og skapargleda til barna slik at dei får lyst til å bruke dei skapande kreftene sine. Du må òg leggje til rette for at barna får møte varierte kunst- og kulturuttrykk som kan gi dei inspirasjon til å utforske og uttrykkje seg på ulike måtar. Dette arbeidet vil bidra til danninga og identitetsutviklinga til barna.
Utfordringar til deg
- Korleis kan du møte nysgjerrigheita til barn?
- Kva vil du gjere for å leggje til rette for at barna skal få moglegheit til å utvikle skaparglede?
- Kvifor er det viktig at barn får utforske og skape?
Kunnskapsdepartementet. (2017). Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Henta frå https://www.regjeringen.no/contentassets/53d21ea2bc3a4202b86b83cfe82da93e/overordnet-del---verdier-og-prinsipper-for-grunnopplaringen.PDF