Opplæringslova
Alle offentlege og private skular i Noreg blir regulerte av lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (17. juli 1998). Vi kallar ho opplæringslova. Opplæringslova har ulike forskrifter som utfyller reglane i lova.
I grunnskulen og vidaregåande skule skal opplæringa vere i tråd med læreplanverket Kunnskapsløftet 2020. Læreplanverket omfattar ein overordna del med verdiar og prinsipp for opplæringa. Denne delen må barne- og ungdomsarbeidarar som jobbar i skulen, følgje. I tillegg inneheld læreplanverket reglar for fag- og timefordeling og dei enkelte læreplanane for fag, som lærarane legg til grunn i undervisninga.
Barn og unge har plikt og rett til grunnskuleopplæring. Det betyr at dei ikkje kan velje vekk grunnskulen. Dersom eit barn skal bu meir enn tre månader i Noreg, har han eller ho rett på opplæring frå 1. til 10. klasse. Lova seier at ungdom som har fullført grunnskulen, har rett til, etter søknad, tre års heiltids vidaregåande opplæring.
Opplæringslova stiller krav til at barn som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av ordinær undervisning, har rett til spesialundervisning, og at samiske barn har rett til opplæring i og på samisk.
Grunnskular kan bli eigde anten av kommunen eller av private. Private grunnskular må ha godkjenning av departementet.
For deg som barne- og ungdomsarbeidar er det viktig at du har kunnskap og forståing om følgjande kapittel og paragrafar i opplæringslova:
Formålet med opplæringa
I § 1-1 står det kva som er formålet med opplæringa. Denne paragrafen er sentral i skulen, og han blir ofte kalla formålsparagrafen. Her står det at opplæringa skal
- gi elevar og lærlingar historisk og kulturell innsikt og forankring, i samarbeid og forståing med heimen
- byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet
- byggje på verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn, og som er forankra i menneskerettane
- gi forståing for nasjonal kulturarv og felles internasjonal kulturtradisjon
- gi innsikt i kulturelt mangfald og respekt for kvar enkelte si tru
- fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte
Elevar og lærlingar skal utvikle kunnskap, evner og haldningar til å meistre livet sitt. Dei skal òg lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljømedvite. Dei skal ha medansvar og rett til medverknad.
Til slutt i formålsparagrafen står det at skulen og lærebedrifter skal møte elevar og lærlingar med tillit, respekt og krav. Dei skal ha utfordringar som fremjar danning og lærelyst, og all form for diskriminering skal motarbeidast.
Rett til å medverke
I formålsparagrafen blir det presisert at elevar og føresette skal ha medansvar og rett til medverknad. Elevar i norsk skule skal delta i avgjerder som gjeld deira eiga læring. Elevane skal òg delta aktivt i vurdering av eige arbeid, eigen kompetanse og i si eiga faglege og sosiale utvikling. Opplæringslova og Kunnskapsløftet 2020 gir rammer og føringar for elevmedverknad som gjeld for all opplæring i alle fag.
Rett til trygt skulemiljø
Hausten 2017 fekk vi eit nytt regelverk om skulemiljø med kapittel 9 A i opplæringslova. Dette kapittelet understrekar viktigheita av skulemiljøet til elevane. Lova seier klart at alle elevar i grunnskulen og vidaregåande skule har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.
For å sikre elevane denne retten har skulen ei aktivitetsplikt. Føremålet med aktivitetsplikta er å sikre at skulane handlar raskt og riktig når ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen. Det er òg innført ei handhevingsordning som gir elevar og føresette moglegheit til å melde ei sak til Statsforvaltaren dersom skulen ikkje har gjort nok for å sikre retten eleven hadde til eit trygt og godt skulemiljø.
Alle som arbeider på skulen, har plikt til å følgje med, gripe inn og varsle viss dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.
Skulefritidsordning
For skulefritidsordning gjeld § 13-7. Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4. årstrinn og for barn med særskilde behov på 1.-7. årstrinn.
Lova seier at skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal få gode utviklingsvilkår. Areal både ute og inne skal vere eigna for formålet.
Når skulefritidsordninga er knytt til skular, skal rektor til vanleg vere leiar. Kommunen følgjer opp private skulefritidsordningar. Vidare pliktar kommunen å gi elevar i grunnskulen leksehjelp. Tilbodet skal vere gratis og eleven har rett til å delta på leksehjelp. Det betyr at leksehjelp er frivillig.
Politiattest, teieplikt og opplysningsplikt
Opplæringslova gir reglar for alle som skal tilsetjast i fast eller mellombels stilling i grunnskulen, vidaregåande skule, musikk- og kulturskulen, skulefritidsordning eller for å gi leksehjelp. Alle må leggje fram politiattest. Attesten må bli lagd fram før ein byrjar i jobb, og han kan ikkje vere eldre enn tre månader. Personar som er sikta, tiltalte eller dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, kan ikkje bli tilsett.
Opplæringslova viser til reglane i forvaltningslova om teieplikt (§ 13). Hovudregelen er at dei tilsette i skulen pliktar å hindre at andre får kjennskap til det den tilsette får vite om personlege tilhøve for eleven.
Lærarar har i visse tilfelle plikt til å melde frå til barnevernet utan hinder av teieplikta. I opplæringslova § 15-3 og 15-4, opplysingsplikt til barnevernet og sosialtenesta, står det at dersom det er grunn til å tru at barn blir eller vil bli mishandla eller utsett for alvorleg omsorgssvikt, viser alvorlege åtferdsvanskar i form av alvorleg eller gjenteken kriminalitet eller ikkje får livsviktige undersøkingar eller behandling, så gjeld ikkje teieplikta. Då pliktar dei tilsette å melde frå til barnevernet eller sosialtenesta.
Utfordringar til deg
- Kvifor er det naudsynt at du som barne- og ungdomsarbeidar kjenner til opplæringslova?
- Kva ville du gjort dersom du oppdaga at ein av kollegaene dine bryt lovverket ved å gjere noko av det følgjande?
- Bryt teieplikta ved å fortelje deg noko sensitivt om eit barn som du ikkje jobbar med.
- Undergrev retten elevane har til medverknad.
- Ikkje gir eit barn med rett til spesialundervisning likeverdig opplæring som dei andre.
Opplæringslova. (1998). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (LOV-1998-07-17-61). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1998-07-17-61
Utdanningsdirektoratet. (2020). Regelverkstolkingar for barnehage og opplæring. https://www.udir.no/regelverkstolkninger/