Rammeplan for barnehagens innhald og oppgver
Barnehage er ei pedagogisk verksemd som blir regulert av barnehagelova og forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver. Alle som jobbar i barnehagen, skal saman jobbe for god kvalitet. Rammeplanen er eit styringsverktøy for å få det til.
Rammeplanen for barnehagen gir
- utfyllande føresegner for innhaldet og oppgåvene til barnehagen
- føringar for kva verdigrunnlag innhaldet og oppgåvene til barnehagen skal byggje på
- føringar for kva ansvar dei tilsette i barnehagen har
- styrarar, pedagogiske leiarar og alle dei tilsette ei forpliktande ramme for planlegging, gjennomføring og vurdering av barnehageverksemda
- informasjon til foreldre, eigarar og tilsynsstyresmakt
Barnehageeigar og alle som jobbar i barnehagen, skal saman bidra til å oppfylle måla og krava i rammeplanen med utgangspunkt i erfaringane og kompetansen sin.
Rammeplanen gir føringar for innhaldet i barnehagen. Innhaldet skal vere allsidig og variert, og det skal vere tilpassa enkeltbarnet og barnegruppa. Barna skal få leike og oppleve skaparglede. Undringa og utforskartrongen til barna skal bli støtta og stimulert. Alt arbeid i barnehagen skal skje i samarbeid og forståing med heimen og vere til det beste for barna.
Omsorg, leik, læring og danning
Barnehagen skal ta vare på behovet til barn for omsorg og leik og fremje læring og danning. Arbeidet i barnehagen skal òg fremje den sosiale kompetansen, kommunikasjon og språket til barna. Vi skal sjå dette arbeidet i samanheng, og det skal bidra til den allsidige utviklinga til barn. I samiske barnehagar skal dette arbeidet byggje på samisk språk, kultur og tradisjonskunnskap.
Barnehagen skal vere ein kulturarena der barna er medskaparar av eigen kultur i ein atmosfære prega av humor og glede.
Det fysiske miljøet
Det fysiske miljøet til barnehagen skal vere både trygt og utfordrande og gi barna allsidige rørsleerfaringar. Personalet skal utforme det fysiske miljøet slik at alle barn får moglegheiter til å delta aktivt i leik og andre aktivitetar, og slik at leiker og materiell er tilgjengeleg for barna.
Medverknaden til barn
Retten barn har til medverknad skal bli teken vare på i den daglege verksemda til barnehagen. Vi må leggje til rette for at barna kan vere med og bestemme og oppmuntre barna til å gi uttrykk for si eiga meining. Vi skal leggje vekt på synspunkta deira i samsvar med alder og modenheit. Barna skal ikkje få eit ansvar dei ikkje er rusta til å ta.
For å ta vare på behovet til barn for omsorg og leik og fremje læring og danning må personalet nytte varierte arbeidsmåtar som skal vere tilpassa kvart enkelt barn, barnegruppa og lokalmiljøet. Personalet skal ta utgangspunkt i erfaringane, interessene, synspunkta og initiativa til barna både i det daglege arbeidet og ved val og gjennomføring av tema og prosjekt.
Val av arbeidsmåtar
Val av arbeidsmåtar gir moglegheiter for å gjere innhaldet i barnehagen spennande og variert. Ulike arbeidsmåtar kan bidra til å skape engasjement, interesse og motivasjon, og det gir moglegheit for å tilføre nye erfaringar og opplevingar i barnehagen.
Progresjon
Barn skal ha moglegheit til å utvikle seg, lære og oppleve framgang. Barnehagen må derfor leggje til rette for progresjon i val av pedagogisk innhald og arbeidsmåtar. Det kan vi gjere gjennom medviten bruk av materiale, bøker, leiker, verktøy og utstyr og å gjere dette tilgjengeleg for barna.
Rammeplanen beskriv barnehagen som ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Målet er å gi barna eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. Rammeplanen gir styrarar, pedagogiske leiarar og alle dei tilsette ei forpliktande ramme for planlegging, gjennomføring og vurdering av barnehageverksemda.
Barnehagen skal utarbeide ein årsplan. I tillegg skal det bli laga planar for kortare og lengre tidsrom og for ulike barnegrupper etter behov.
Fagområda i rammeplanen speglar område som har eigenverdi for barn i barnehagealder. Dei skal bidra til å fremje trivsel, allsidig utvikling og helse. Vi skal sjå fagområda i samanheng, og alle fagområda skal vere ein gjennomgåande del av innhaldet i barnehagen.
Barnehagen skal ta utgangspunkt i leiken, engasjement og interessene til barna i arbeidet med fagområda. Interessene til barna for fagområda skal stimulerast, og barnehagen skal bidra til at barna utviklar kunnskap og evner innanfor alle fagområda gjennom undring, utforsking og skapande aktivitetar. Barna kan bruke ulike typar materiell og utstyr, teknologi og digitale verktøy, spel, bøker og musikk til dette arbeidet.
Fagområda til barnehagen er
- kommunikasjon, språk og tekst
- kropp, rørsle, mat og helse
- kunst, kultur og kreativitet
- tal, rom og form
- etikk, religion og filosofi
- nærmiljø og samfunn
Rammeplanen beskriv kva arbeidet med fagområda skal bidra til for barna. Han gir òg føringar for kva personalet skal gjere for å oppnå dette.
Utfordringar til deg
- Korleis vil rammeplanen påverke arbeidet ditt med barna?
- Kva tenkjer du om at rammeplanen seier kva personalet skal gjere i arbeidet med barna?
Kunnskapsdepartementet. (2017). Rammeplan for barnehagen: Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Utdanningsdirektoratet. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan/