Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Presenter ein analyse av Rådebank

Jobb gruppevis med ein analyse av dramaserien Rådebank og presenter det de finn ut, ved hjelp av eit digitalt presentasjonsprogram eller ein videopresentasjon.

Episode 1 i første sesong av dramaserien Rådebank. Klippet er tilgjengeleg til 24. januar 2027.

Om dramaserien Rådebank

Rådebank er ein norsk dramaserie, produsert av Fenomen for NRK. Målgruppa for serien er primært unge på dykkar alder. Sesong 1 vart vist på fjernsyn og nett-TV i 2020, sesong 2 i 2021 og sesong 3 i 2022. Serien er spelt inn hovudsakleg i Bø i Telemark, men også i Skien og Porsgrunn.

Hovudpersonane i serien er alle ein del av rånemiljøet i Bø og uglesette av både ordførar og politi. Glenn-Tore (GT) jobbar på Bø Auto som mekanikar. Bestekompisen hans, Sivert Rindal, drøymer om å bli sivilingeniør. Hege Husby er kjærast med GT og jobbar som billakkerar. Men GT har også ein ekskjærast, Ine Larsen, som er student, og på veg bort frå bygda.

Oppdrag

Jobb saman i grupper på fire eller fem elevar.

Lag ein grundig analyse av NRK-serien Rådebank som episodisk fjernsynsdrama, og presenter analysen for resten av klassen ved hjelp av eit digitalt presentasjonsprogram eller i form av ein videopresentasjon.

Gruppa vel sjølv innfallsvinklar til analysen og fordeler arbeidet seg imellom.

I presentasjonen skal de illustrere funna de gjer i analysen, med klipp frå TV-serien. I tillegg skal de reflektere over grepa folka bak TV-serien bruker for å nå ut til unge på dykkar alder, og i kva grad dei lykkast med det.

Ressursar til bruk i analysearbeid og presentasjon

Det finst ei oversikt over alle episodane i sesong 1, 2 og 3, og også gode tips til ulike analytiske tilnærmingar på Skrivesenteret.

De kan ta utgangspunkt i klipp frå ulike episodar på NRK Skole.

Det går også an å sjå heile serien på NRK TV.

Undervisningsvideoen "Målgrupperetting i NRK-serien Rådebank":

Etterarbeid

De skal no kvar for dykk reflektere over analyseprosessen og det produktet de i fellesskap har laga:

  • Kvifor valde de nettopp desse innfallsvinklane i analysen?

  • Kva andre innfallsvinklar kunne de ha valt?

  • Kva innsikt gav analysearbeidet deg om tematikk og dramaturgi i fjernsynsdramaet Rådebank?

  • Kvifor har dramaserien fått tittelen Rådebank?

  • Kva er det viktigaste du personleg sit igjen med etter å ha sett Rådebank?

Bruk gjerne denne dokumentasjonsmalen som utgangspunkt for ein individuell, skriftleg refleksjonsrapport.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2022

Læringsressursar

Analyser film og seriar