Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Juleforteljinga Kristiania magiske tivolitheater

Fleire generasjonar nordmenn har vakse opp med NRKs julekalendrar, anten det er Jul i Skomakergata, Jul i Blåfjell eller Snøfall. I denne oppgåva skal du utforske miljø, karakterar og forteljarstruktur i juleforteljinga Kristiania magiske tivolitheater, som NRK sende i desember 2021.

Om Kristiania magiske tivolitheater

Kristiania magiske tivolitheater er eit storslått juleeventyr der handlinga går føre seg for hundre år sidan, den gongen Oslo heitte Kristiania.

Hovudpersonen i forteljinga er fattigguten Luka. Han er avhengig av ei beinskjene for å kunne gå. Faren til Luka er ein deprimert enkjemann som vil at sonen skal arbeide som hjelpegut saman med han på krutverket. Men Luka vil heller jobbe som tryllekunstnar saman med barn og vaksne i eit magisk teater som held til i enden av eit tivoli.

I motsetning til Luka og teaterfolka lever familien Butenschøn og omgangskrinsen deira eit rikmannsliv. Men når det oppstår pengeproblem, legg fru Butenschøn skumle planar. Ho ønskjer å selje teateret og kaste ut dei som bur og jobbar der. Dottera Lobelia dregst mellom mora sitt krav om lojalitet og behovet for ekte venskap.

Forteljinga består av i alt 24 episodar, og siste episode vart send på julaftan. Her kan du sjå episode 4:

Du kan sjå resten av episodane av Kristiania magiske tivolitheater på NRK Skole (tilgjengeleg til 2031).

Oppgåve 1) Miljøskildring og tidskoloritt

  1. Handlinga i Kristiania magiske tivolitheater er lagt til Kristiania (Oslo) tidleg på 1900-talet. Korleis blir dei sosiale forholda menneska lever under på den tida, skildra?

  2. Kva verkemiddel blir brukte for å plassere forteljinga inn i miljø og tidsepoke?

  3. Er dette ei forteljing om Oslo for hundre år sidan, eller er det ei forteljing om vår tid? Tenk deg nøye om og grunngi svaret ditt.

Oppgåve 2) Dynamikken mellom karakterane

  1. Plasser dei ulike aktørane i juleforteljinga Kristiania magiske tivolitheater inn i Greimas' aktantmodell (sjå illustrasjon nedanfor).

  2. Kva er det Luka ønskjer å oppnå? Kva ønskjer Erle å oppnå?

  3. Kva forteljargrep blir brukte for å gjere det tydeleg kven som er motstandarane til Luka?

  4. Kva slags eigenskapar har hjelparane?

  5. Forteljingar for barn har ofte mykje til felles med litterære eventyr. Kvifor er det slik, trur du, og kva for likskapar finn du her?

Aktantmodellen til Greimas brukt på eit eventyr om Askeladden. Langs kommunikasjonsaksen er det tre boksar kor det står høvesvis "sendar" (kongen), "objekt" (prinsessa og halve kongeriket) og "mottakar" (Askeladden). Det går ei pil frå sendar til objekt og frå objekt til mottakar. Langs konfliktaksen nedanfor finn vi boksane "hjelpar" (dei sju hjelparane), "subjekt" (Askeladden) og "motstandar" (kongen). Det går ei pil frå hjelpar til subjekt og frå motstandar til subjekt. Det går også ei pil frå subjekt-boksen opp til objekt-boksen. Modell.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3) Karakterutvikling

Kristiania magiske tivolitheater er ein føljetong der historia og karakterane utviklar seg frå episode til episode. Lag eit skjema som svarer til det du ser nedanfor, og kryss av for det som kjenneteiknar utviklinga til dei fem viktigaste karakterane i forteljinga frå episode 1 til episode 24.

Du kan lage fleire eller andre utviklingskategoriar dersom du ønskjer det.

Karakterutvikling i Kristiania magiske tivolitheater
karakterar/ karakterutviklinghjelpelaus → kraftfullslem → snilluforstandig → forstandigtrist → gladpengar → venskap
Luka
Erle
Lobelia
(vel karakter)
(vel karakter)

Oppgåve 4

  1. Kva er det som gjer at hovudpersonane endrar seg i løpet av forteljinga?

  2. Kva forteljetekniske grep blir brukte for å vise at dei har endra seg? Finn døme på scener som viser det du beskriv.

  3. NRKs forteljingar for barn har ofte ein moralsk bodskap. Kva vil du seie er moralen i denne juleforteljinga?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2022

Læringsressursar

Analyser film og seriar