Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samanlikn to filmar om kultur

Bruk kunnskap om tekst, sjanger og kultur når du gjer ein samanliknande analyse av to filmar.

I denne oppgåva får du nokre forslag til korleis du kan samanlikne sjangertrekk, verkemiddel og tematikken i filmane The Swedish Theory of love og Hva vil folk si?

Under filmane er det oppgåver du skal gjere før du ser filmane, nokre oppgåver du skal svare på undervegs i filmane, og nokre oppgåver du skal gjere etter at du har sett dei.

The Swedish Theory of Love

Hva vil folk si?

1. Før du ser filmane

  1. Les artikkelen "Fire sjekkpunkt for sjanger", og bruk sjekkpunkta på dei to filmane.

  2. Kva forventningar har du til innhaldet i filmane ut frå sjangeren dei høyrer til? Del eit ark eller dokument i to med ein kolonne for kvar av filmane. Noter sjanger på kvar av dei, og lag ei liste over verkemiddel og sjangertrekk som du forventar skal bli brukte i ein film av denne typen. Stikkord: musikk, fargar, klipping, lydeffektar, kameravinkling, symbolikk, kontrast.

  3. Begge filmane tek for seg forskjellar mellom samfunn som er individualistisk orienterte og samfunn som er kollektivistisk orienterte. Les om kva verdiar og syn på mennesket desse to kulturelle dimensjonane inneber, i artikkelen om kulturelle dimensjonar.

  4. Del eit ark eller dokument i to, og lag to kolonnar: ein for individualisme og ein for kollektivisme. Del desse kolonnane i to igjen, ein for positive sider og ein for negative.

2. Undervegs i filmen

Sjå begge filmane. Jobb i par, og fordel dei to oppdraga under mellom dykk slik at den eine jobbar med oppgåve a og den andre med oppgåve b.

  1. Korleis framstiller filmane individualistiske og kollektivistiske trekk ved dei ulike samfunna de møter? Noter stikkord undervegs i skjemaet frå oppgåve 1 d.

  2. Kva verkemiddel blir brukte i dei to filmane? Noter stikkord undervegs i skjemaet frå oppgåve 1 b.

3. Etter de har sett filmane

Gå gjennom notata de har gjort undervegs, i para, og bruk desse når de gjer oppgåvene under:

  1. Diskuter likskapar og forskjellar mellom dei to filmane, både når det gjeld framstilling av kulturane og bruken av verkemiddel.

  2. Sjå på sjekklista for sjanger igjen. Bryt filmane med nokon av sjangerforventningane?

  3. Diskuter: Kva for ein av filmane meiner de gir eit mest balansert og nyansert bilete av kulturane de møter i filmen? Grunngi synspunkta dykkar!

  4. Er det rimeleg å krevje at alle tekstar skal ha eit balansert og nyansert bilete av det dei framstiller? Er dette sjangerforventningar vi har til både spelefilmar og dokumentarfilmar?

  5. Diskuter: Er den eine filmen meir eller "sann" i framstillinga si enn den andre?

  6. I kva grad trur de at dokumentarar og spelefilmar formar korleis de ser på dykkar eigen kultur og kulturen til andre?

4. Presenter analysen

Når de har svart på alle spørsmåla, har de utforska mange sider ved både form og innhald i desse to filmane. Bruk dette som utgangspunkt for ein individuell presentasjon av analysen av filmane.

I analysen må du seie noko om

  • innhald

  • verkemiddel

  • sjanger

  • tematikk sett i lys av kulturteori

I tillegg må du drøfte

  • problemstillingar om enten sjanger eller tematikk

  • likskapar og forskjellar når det gjeld sjanger og tematikk

Presenter den samanliknande analysen som ein samanhengande tekst, anten skriftleg, munnleg eller som ein samansett tekst.

Bruk faglege omgrep og trekk gjerne inn kunnskap frå andre emne i faget for å vise at du ser samanhengane.

Relatert innhald

Hva vil folk si er ein gripande og viktig film om 16 år gamle Nisha, som prøver å finne plassen sin mellom to kulturar.

Dokumentarfilm om Sverige, det mest einsame landet i verda. Filmen er laga av den italiensk-svenske filmskaparen Erik Gandini.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2022

Læringsressursar

Analyser film og seriar