Hopp til innhald

Fagstoff

Konfliktar og vendepunkt i Pulp Fiction

Konfliktane i filmen handlar i stor grad om korleis alle prøver å tilfredsstille Marsellus, mafiabossen som alle er redde for. Vendepunktet i filmen er når Marsellus blir utsett for overgrep og audmjuka.
Samuel L. Jackson spiller en av de mange skurkene  i Pulp Fiction
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ingen eigentlege heltar

I dei fleste filmforteljingar finst det ein eller fleire heltar. Helten, eller protagonisten, strevar seg gjennom hovudkonflikten for å nå det målet han eller ho har sett seg. I Pulp Fiction finn vi ingen tydelege heltar. Karakterane består stort sett av skurkar med tilhøyrande kvinner. Alle mennene har eitt eller fleire brotsverk på samvitet. Enkelte er berre småskurkar. Andre ragar høgre opp på rangstigen i forbrytaruniverset.

Konfliktar mellom skurkar

Konfliktane i filmen går primært føre seg mellom skurkane. I historia på kaféen er det ein konflikt mellom småtjuvane Pumpkin og Honey Bunny og Jules og Vincent, som er handlangarane til mafiabossen. Tjuvane ønskjer å tileigne seg kofferten til Marsellus, som Jules og Vincent nettopp har fått tak i frå nokre andre tjuvar som dei nett har avretta. Kofferten er fylt med gull og pengar.

Boksaren Butch kjem i konflikt med gangsterbossen Marsellus, fordi han ikkje følgjer den ordren han har får. I scena mellom Mia og Vincent handlar konflikten i utgangspunktet om at Vincent ikkje må rote seg bort i Mia fordi ho er kona til sjefen.

Mia og Vincen i kaféscenen i Pulp Fiction
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vendepunktet

Ein fellesnemnar i alle historiene, bortsett frå prologen og epilogen i rammeforteljinga, er redsla for ikkje å behage den frykta og autoritære sjefen Marsellus. Vendepunktet i filmen er derfor når den store mafiabosssen blir utsett for overgrep og audmjuka.

Vendepunkt Pulp fiction - Buch&Marcellus

NB! Klippet er valdeleg og bør derfor ikkje brukast i undervisning av elevar under 18 år.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2018

Læringsressursar

Analyser film og seriar