Hopp til innhald

Fagstoff

Filmhistoriske referansar i Pulp Fiction

Referanse til populærkultur, intertekstualitet og metaperspektiv er typisk for postmodernistisk film. Eit metaperspektiv er eit overordna perspektiv som oppstår når ein tek eit steg attende og ser på seg sjølv utanfrå.
Mia i Cadilacsete i Pulp Fiction
Opne bilete i eit nytt vindauge

Intertekstualitet

På nittitalet utvikla regissørane Quentin Tarantino, Roberto Rodriges, David Lynch og til dels Oliver Stone ein ny visuell stil der det å vise til tidlegare filmhistoriske periodar stod sentralt. Innanfor postmodernismen blir det ofte omtalt som intertekstualitet. Det betyr at ein berre kan forstå ein medietekst i lys av dei medietekstane han refererer til.

Referansar til filmhistoriske epokar

Film noir er kanskje den mest siterte filmepoken i Pulp Fiction. Vi finn mange "mørke" scener der lyset primært kjem frå éi lyskjelde, til dømes frå vindauget. Eit klassisk eksempel er når Butch blir køyrd tilbake til hotellet frå boksekampen i ei drosje (70:47). Her er det tronge bakgater og berre lys frå sida.

Drosjesjåføren er ei kvinne som har utsjånad som ei mørk og sensuell "femme fatale". Som ofte elles i filmen blir forventninga vi har til dette filmutrykket broten ved at ho rett og slett berre trer ut av filmen etter køyreturen.

Men Mia har også nokre eigenskapar som "femme fatale". Ho er forførande og farleg, ei kvinne som fører med seg trøbbel, og som ein berre kan sjå på, men ikkje røre. Vincent klarer å redde seg ut av situasjonen i første omgang, men seinare blir han drepen.

Referansar til andre filmar

Det blir sagt at filmen The Killers (1964), regissert av Don Siegel og basert på ei bok av Ernest Hemingsway, også skal vere ein referanse i Pulp Fiction. I både The Killers og Pulp Fiction er handlinga lagt til eit kriminelt miljø, og begge filmane har ein avdanka boksar i ei sentral rolle.

Scene med skuespillerne Burt Lancaster og Ava Gardner i filmen The Killers
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når Butch i siste scena av historia si i Pulp Fiction dreg ut av byen på ein motorsykkel, er det ein referanse både til filmen Easy Rider (1969) av Dennis Hopper og til dei mange westernfilmane der helten rir ut i solnedgangen på veg til fridomen. Eit av musikkspora er også svært westerninspirert.

Ein heller uvanleg referanse er bibelsitatet frå Esekiel 25, 17. Dette sitatet blir også brukt i den japanske actionfilmen Karate Kiba (1973) av Ikki Kajiwara.

Adrenalinsprøytescena har likskap med ei scene i Martin Scorsese sin dokumentarfilm The American Boy; A profile of Steven Prince (1978). I begge filmane er det ei kvinne som får ei adrenalinsprøyte i hjartet etter ein overdose.

Referansar til populærkulturen

Restauranten der dansekonkurransen finn stad, har eit nostalgisk femtitalsinteriør. Her sit Mia og Vincent ved bordet i ein Cadillac og blir servert av diverse damer som liknar Marilyn Monroe.


Tarantino dyrkar B-filmen og amerikansk populærkultur. Han brukar klisjear og arketypar frå populærkulturen, men markerer på same tid ein klar distanse. Tarantino har i intervju uttalt at det største førebiletet hans er Godard. Godard sin film Til siste andedrag (1960) var både ein kommentar og ein hyllest til den amerikanske actionfilmen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2018

Læringsressursar

Analyser film og seriar